Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 23

Så var det vesle julaftan, og det du ikkje får gjort ferdig i dag blir ikkje ferdig, sånn er det berre. Personleg skal eg tilbringe mesteparten av dagen i ein daglegvarebutikk og selje surkål og mandarinar og Gode Ønsker som skal pakkast inn (ein veit aldri om det plutseleg kjem ein granne med ei julegåve...). Nokon må halde økonomien i gong òg, veit de.

Det blir ikkje eit voldsomt ordgyteri i dag, eg har respekt for at mange kanskje har det litt travelt. Og det er greitt, mange av lukene i kalendaren vart mykje meir utbroderte enn vi hadde sett føre oss, så de har kanskje fått nok snart.

LUKE 23

Men dette er siste luka for min del, eg overlet sjølve julaftan til fruen, og då tenkte eg at eg måtte gå ut med ein smell. Moglegens ein litt rasistisk smell, men de får ta det i beste meining.

Songen de skal få høyre i dag vart skrive i 1958 og vart først ein hit for Augie Rios, ein 12-årig latinamerikansk gut frå New York. Han gjekk etterkvart inn i gløymsla for dei fleste, men julehiten hans har hatt eit slags halv-liv vidare, sjølv om det ikkje akkurat er den mest kjende såkalla novelty-julesongen.

I 2003 spelte det amerikanske bandet Guster inn songen, og gav han ut som singel til jul 2004. Ein kan vel ikkje seie at dei hadde ein kjempehit med han dei heller, men han kom tilfeldigvis inn i mitt liv via albumet A Nettwerk Christmas, gjeve ut av plateselskapet Nettwerk. Eg kjøpte dette for å ha verdens tristaste julesong The Cat Carol av Meryn Cadell på plate (finst dessverre ikkje på Spotify), men denne vart raskt ein førjulsfavoritt for meg.

 

Trykk her for å høyre ¿Dónde Está Santa Claus? av Guster

Songen er vel på grensa når det gjeld kulturelle stereotypiar, men litt heite rytmer er ikkje å forakte midt i all korsuppa. Ein song å pynte treet til! God jul ynskjer Lars frå Annastova, og godt nytt år, cha cha cha!

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 109159
Innlogging