Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 21

Det er mykje mas om den norske kulturen for tida, og mange er redde for at "det norske" er truga av framande og fiendtlege krefter. Før eg byrjar med dagens utblåsing må eg berre gjere ein ting klinkande klart: Grunnsynet mitt er at alle norske kulturuttrykk har stor verdi og at mange av dei står i fare for å bli borte, og det synst eg ikkje noko om. Difor gjer eg mitt for å halde dei i hevd. Ikkje mange eg kjenner har lagt ned same ulønnsame eigeninnsats for å finne ut av, lære om og integrere tradisjon i kvardagen sin. Eg har betalt for kurs, teke ei unødvendig lang utdanning og heilt frivillig lese tusenvis av sider om ei rekkje forskjellige norske særeignalutar, om handtverk, kunst, draktskikk, dyrehald, folketru, skikk, språk og musikk. Ikkje slik å forstå at eg er nokon ekspert på noko av dette, men det eg skal skrive om seinare kan kanskje gje signal til enkelte om at eg ikkje bryr meg om å ta vare på den norske kulturen. Det gjer eg altså i høgste grad, faktisk i så stor grad at eg har forsaka ei rekkje bekvemmelegheiter til fordel for desse interessene.

LUKE 21

Eg blir heilt matt av all hylinga og skrikinga om trugsmåla mot vår norske kultur i møte med andre kulturar. Kultur er noko som er i evig rørsle, ein kan ikkje stoppe opp og seie at no, no har vi funne vår kultur, så gir vi oss der. Det kjem nye idear og impulsar inn i alle kulturar, det har det alltid gjort, også i vår kultur. Juletreet, til dømes, vart ikkje vanleg før rundt 1900, og då var det mange som murra om at det var unorsk og til og med ukristeleg. Eit anna døme er åttebladsrosa, som er så norsk at engelskmennene kallar henne Selbu Rose, henne kan vi spore tilbake i tid nedover Europa, via Latvia og Bulgaria, forbi Tyrkia og heilt til India. Vi kan takke asiatar for selbuvotten, altså.

Det at vår kultur har blitt påverka av andre er ei kjensgjerning. Det som er viktig er å vere vakne og ta vare på dei amalgerte uttrykka som etterkvart har særmerkt oss og som har historisk verdi, samtidig som vi held fram med å utvikle oss som kultur. Det er vel ingen som vil at norskheit skal vere berre heimelaga treski, lafta tømmer og fellåkle? Vi ville gått glipp av mykje moro viss vi slutta å ta til oss nye impulsar. Eg kan nemne slike kjekke ting som poteter, bunad, countrymusikk, høgare utdanning, vin, monoteisme og potteplanter. Alle desse tinga har på eitt eller anna tidspunkt møtt motstand eller blitt kalla utanlandsk/snobbete/ugudeleg/giftig tøys.

Det største trugsmålet mot våre utrydjingstruga kulturminne er etter mitt syn velstanden vår. Vi er så rike og innfeite og opptekne av vekst og suksess at nesten ingen eingong har tid til å setje seg inn i kva vår "norske" kultur er, eller kvar han kjem frå, eller kvifor han er som han er. Folk blir heilt sjokka av å høyre at ørskogbunaden slett ikkje er slik kvinner gjekk kledde i Ørskog før i tida, men eit oppdikta plagg frå 1920-åra. Dette tyder ikkje at denne bunaden er mindre verdt, for han er jo ein del av kulturen no. Men det har ikkje alltid vore slik, og det er eit viktig poeng.

Så du som er så redd for å miste den norske kulturen har heilt rett, han vil endre seg, han har kanskje endra seg litt berre medan du har lese dette. Den kulturen du kjenner vil ikkje vere den kulturen borneborna dine kjenner, akkurat slik det var for dine besteforeldre. Og kanskje vil kulturen vår til og med bli direkte påverka av innvandring og islam? Kanskje har han allereie blitt det? Men det er ikkje slik at ei gruppe menneske, verken radikale islamistar eller Hege Storhaug-fans, verken Human-Etisk Forbund eller Visjon Norge, verken regjeringa eller opposisjonen kan setje seg ned og diktere retninga kulturen vår skal ta. Det er ei avgjerd som blir tatt av heile samfunnet, ein seig men formbar masse. Og ei slik forenkling som "vår norske kultur" vil ha ei ny tyding kvart år. Det viktigaste ansvaret vi som utgjer denne sirupen vi kallar samfunnet har er å sørge for at ingen blir haldne på utsida. Kjenner ein seg utanfor vil ein heller ikkje respektere det "dei andre" synst er viktig eller forsvarleg, og det er direkte farleg. I 2016 har kulturen vår lidd under ei auka polarisering og bruk av billige og enkle argument i den offentlege debatten. I 2017 skal vi saman, som det norske samfunn, gå inn for ein annan tone, synst eg. Kanskje kan det kome nokre roser opp av denne klungeren? (Frampeik.)

Det var dagens kronikk. No over til dagens musikk. Eg kan litt om mangt, jf. sjølvskrytet i første avsnittet, men akkurat norsk folkemusikk kan eg nokså lite om. Likevel veit eg at det finst mange perler her i landet, og særleg kveding er ei kunstform eg har umåteleg respekt for. Her snakkar vi briljant teknikk, umåteleg komplisert ornamentikk og årevis med trening. Du kan jo prøve! Heldigvis virkar det på meg som at folkemusikken vår har gode tradisjonsberarar og ikkje står i noko som helst fare for å gå ut or bruk.

Klikk her for å høyre Den fagraste rosa med Åsne Valland Nordli

Den fagraste rosa er ein H.A. Brorson-salme. Brorson levde frå 1694 til 1764 og har skrive mange av julesongane vi brukar den dag i dag. Berre i debutboka hans frå 1732 (med den minimalistiske tittelen Nogle Julesalmer, Gud til Ære og kristne Sjæle, især sin elskelige Menighed, til Opmuntring; til den forestaaende glædelige Julefest enfoldig og i Hast sammenskrevne af H. A. B.) kan vi lese I denne søte juletid, Mitt hjerte alltid vanker, Her kommer dine arme små og altså denne, som på dansk vart kalla Den yndigste rose. Han er vel kanskje den minst kjende av desse, men eit kjapt søk på Spotify avslører at han er teken inn i folkehjartet, sidan han finst i både to og tre forskjellige tonedrakter, då med Elias Blix sin norskomsette tekst. Melodien her er ein folketone, eg har ikkje greidd å finne ut frå kvar (tek gjerne i mot tips!), men flott er han. Og Åsne Valland Nordli er ein rasande dyktig songar, det skal ho ha.

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 106646
Innlogging