Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 19

OK, no er eg snart ferdig med Estland, eg lovar.

LUKE 19

Sjølv om vi bur langt ute i bushen (i alle fall viss du spør ein sentrumsvolding) likar vi her i Annastova å sjå på oss sjølve som eit progressivt og frilynt hushald. Vel har vi gått tilbake i tid ved å velge eit relativt spartansk liv på ein gard, hoppa av det moderne jaget etc., men sånn elles trur vi at vi er relativt frampå. Når det gjeld likestilling, til dømes, er vi jo eit praktisk eksempel på at kvinner kan ha høgre inntekt enn menn, og at menn kan sysle med slikt som (i alle fall dei siste hundre åra) kanskje har vore sett på som typiske kvinneaktivitetar.

Likevel har vi no presentert 18 songar, nye og gamle, alle skrive av menn. Av alle mannsdominerte yrke er kanskje komponistbransjen den verste. Både i klassisk musikk og i pop og rock. Sjølv kvinnelege utøvarar har ofte menn som skriv, eller er med å skrive musikken for seg. Kvifor er det slik?

Eg trur at i alle fall innanfor den klassiske musikken er det ei sterk og innarbeidd tradisjonsforståing, at menn skriv og dirigerer musikk, medan damene gjerne kan framføre han. Eg kan ikkje forstå at kvinner skulle ha noko dårlegare utgangspunkt for å skrive god musikk, ein kjend fordom er jo at jenter er flinkare med kreative ting. Men det er vel dessverre slik at glastaket er noko mange dyktige kvinner må finne seg i å stange mot, både dei som skaper musikk, dei som driv med mote og tekstil (som er typiske kvinnesyslar som også markedsførast mest mot kvinner), og i øvrig næringsliv og politikk. Her har vi ein jobb å gjere, alle verdas folk (særleg mannfolk), for dette ser ikkje ut til å ha betra seg så veldig dei siste åra.

Så, Annastova, som er namna etter ei kvinne, sterk, ugift og sjølvstendig, presenterer årets første og (dessverre) einaste kvinnelege komponist. Det skulle vore fleire, vi skal jobbe med saka.

 

Ester Mägi vart fødd i 1922 i Tallinn, og fyller 95 år 10. januar. Estarane kallar henne musikkens førstedame, og ho har ein kjempestor og kritikarrost katalog for mange besetningar, men som esterar flest er ho særleg glad i kor. Dagens song tek utgangspunkt i Vaikne öö, som er den estiske versjonen av Stille natt, og er eit sentimentalt stykke med litt same tematikken som Den fyrste song av Per Sivle. (Mor song denne songen, men no er ho ikkje her lenger, etc.)

Sidan vi ikkje tok med fleire damer i kalendaren i år vil eg gjerne få tilrå nokre andre dyktige kvinner i same slengen: Meredith Monk, Hildegard von Bingen, Clara Schumann, Elizabeth Maconchy, Vítězslava Kaprálová, Eva Holm Foosnæs og Florence Price. Eit lite, svært variert utval som kan konkurrere med eit kva som helst slags mannfolk. You go girls!

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 104235
Innlogging