Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 17

Kven andre enn Colargol kan synge i duramoll? Benjamin Britten, i alle fall. Og eg trur eg føretrekk sistnemnde.

LUKE 17

I dag kan eg presentere det kortaste stykket i kalendaren vår. Knappe eitt og eit halvt minutt, kortare enn det vil ta deg å lese denne teksten, antakelegvis, fordi eg bruker mykje delsetningar og komma når eg skriv (og parentesar (av og til doble, faktisk!).). Det gjorde ikkje Benjamin Britten, kan eg tenke meg. Han var ein slik som vi alle har møtt ein versjon av: Han som var litt flinkare enn deg nesten uansett kva han prøvde, som ikkje hadde noko problem i noko fag på skulen, som alltid hadde ein vittig replikk på lager og stor og grundig kunnskap om nesten alt. Og i tillegg er så fordømt triveleg at du ikkje greier å synest stygt om han. Sånn var Britten. Han skreiv symfoniar i sjetteklasse og dei få som prøvde å mobbe han for det berre gav opp, fordi han var for tøff og vennleg til å bruke som offer. Han var så likandes at sjølv venner som han "dumpa" (og det gjorde han visst ofte og med slik ettertrykkelegheit at dei vennene han kvitta seg med kollektivt vart kalla "Brittens lik") orsaka han og sa at ein så viktig og flott person ikkje kan bry seg med å ta hensyn til noko så trivielt som andre menneske [mi parafrase].

Britten produserte mykje forskjellig, og fekk publisert verk allereie lenge før han fylte 20. Han skreiv mange operaer, orkesterstykke (inkludert det svært populære The Young Person's Guide To the Orchestra) og stykke for kor og vokal. Han var alltid veldig oppteken av amatørar og born, at dei òg skulle få vere med på å skape musikk. Derfor skreiv han ofte lett tilgjengeleg og relativt enkel musikk, utan at det gjer produksjonen hans uinteressant eller irrelevant på nokon måte (her har mange skaparar av barnemusikk i dag ein jobb å gjere...).

A Ceremony of Carols er eit godt eksempel på dette. Stykket er skrive for damekor eller barnekor, og med unntak av at tekstane er på mellomengelsk, også kalla forunderleg koko nestenengelsk, er desse elleve songane relativt enkle, slik at born (enkelte born, i alle fall) skal greie å lære det utan å gå heilt i frø. Det er ofte vekselsong mellom stemmene, mange einstemde parti og alt i alt ganske ukomplisert. Men meisterleg ukomplisert er det. Balulalow, som vi skal høyre i dag, er frå denne kantaten, skriven i 1942 (då var Britten 29 år og allereie ein durkdreven komponist med mange "lik" bak seg).

Trykk her for å høyre Balulalow av Benjamin Britten, framført av The Choir of Trinity College

Teksten til Balulalow vart antakelegvis skriven rundt 1550, og for å illustrere det eg sa om mellomengelsk lenger oppe tyder det Lullaby. Ja, det er berre å hive litt rundt på bokstavane, kven bryr seg om b-en kjem først eller inne i midten, samma det. Han vart gjeven ut i ei bok kalla The Gude And Godlie Ballatis (Gode og gudelege ballader, altså, korleis greidde dei som kunne lese på 1500-talet å la vere å fnise ukontrollert heile tida?) og vart altså tonesett av Britten, etter at mange andre hadde gjort det før han.

Melodien vekslar mellom dur og moll, eit kompositorisk grep eg personleg er veldig svak for, og mellom solist og kor, medan harpa berre ligg og kvitrar i bakgrunnen. Ei harpe er alt som finst av tonefølgje til koret i desse elleve songane, og eg må innrømme at sjølv om eg ikkje er nokon harpefantast er dette eit riktig val av komponisten. Harpe blir lett litt vel plonkplinkete og sukkersøtt, men her er det skrive slik at det berre framhevar den flotte vokalmusikken. Høyr på heile Ceremony of Carols for a good time (eller Goode Timis, som dei sikkert ville sagt på mellomengelsk)!

Til slutt litt meir koko nestenengelsk: Teksten til Balulalow.

O my deare hert, young Jesu sweit
Prepare thy creddil in my spreit
And I sall rock thee to my hert
And never mair from thee depart
But I sall praise thee evermoir
With sanges sweit unto thy gloir
The knees of my hert sall I bow
And sing that richt Balulalow!

 

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 104232
Innlogging