Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 15

Det spissar seg til - har du gjort klart det som skal sendast i posten til jul? Det bør postast i morgon for å rekke fram! I dag skal vi høyre noko som alltid får meg til å tenke på julestress som noko positivt.

LUKE 15

Det er noko med enkelte typer femti- og sekstitalsmusikk som får alt til å høyrest så gledeleg og bra ut, og songen vi skal høyre i dag er eit eksempel på dette. Songen er frå 1956, og dama heiter Yvette Giraud. Ho var ei av dei store franske chanteuses og fekk eit stort internasjonalt publikum til trass for at ho stort sett song på fransk. Særleg vart ho kjent i Japan, og ho reiste ofte dit fordi ho likte kor entusiastiske publikum var der.

 

Trykk her for å høyre Joyeux noël med Yvette Giraud

Songen skjønar eg fint lite av, eg kan ikkje eit ord fransk. Det vil seie, eg skjønar kva joyeux noël tyder, men det stoppar der. Difor kan eg dikte fritt, og eg ser eg for meg at denne songen akkopagnerer ei scene der damer med velfrisert hår og nylagt sminke "stressar" med julehandelen med eit smil om munnen, medan piperøykande dresskledde menn med fedora smiler og rister oppgitt på hovudet og veloppdregne born i bjartfarga strikkegensarar og med rett sideskill diskret prøver å finne ut kva mor har kjøpt, til overbærande smil frå dei vaksne. Håhå, jaja, denne jula, det er no litt av eit stress, men vi greier no å vere blide og perfekte likevel. Så kan vi, heile familien, synge tette harmoniar på refrenget og ynskje kvarandre god jul.

Slik trur eg det var på femtitalet. Denne songen får meg til å tenke at stress kan vere koseleg, det òg, sjølv om det stort sett ikkje er det. Men det ein har ein iver etter å få til vert ikkje så stressande, og så kan ein kanskje heller droppe det andre. Dei fleste har vel dagar i adventstida der ein har fått nok av heile greia, men dei fleste kan vel òg vere samde i at resultatet er verdt det. Så stress ned, gjer det du likar best, set ei skål med grønsåpe under sofaen og senk skuldrane. Jul blir det likevel. Joyeux noël à tous! (Var det rett?)

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110129
Innlogging