Kvifor Annastova?

Heilt sidan vi i sommar bestemte oss for å prøve gardslivet og gjorde det kjent for familie, venner og kjente har eg hatt eit (kanskje litt uforklarleg) behov for å forklare kvifor eg har lyst til det. Det er ikkje slik at eg har møtt motstand eller blitt stilt mykje kritiske spørsmål - heller tvert i mot, folk har vore stort sett glade, støttande, litt misunnelege eller i det minste interesserte. Men det er ingen løyndom at vi òg har blitt møtt med ein del forundring, både fordi vi forlét Trondheim, ein by vi begge er veldig glad i og har eit stort nettverk i, og fordi eg plutseleg har fått det for meg at eg vil heim.Vinter

Sanninga er vel at det ikkje er så veldig plutseleg, men det er likevel forståeleg at enkelte som har kjent meg i nokre år stussar. For fakta om meg er at eg ved fleire høve uttrykte at eg ynskte meg bort frå heimstaden min. Eg ville ut og oppleve andre ting, bu i by og "sjå verda". Dessutan har eg, i motsetnad til dei fleste andre i den næraste familien min, aldri uttrykt store entusiasmen over dei fordelane bygdelivet kan by på: Friluftsliv, fiske, jakt, gardsdrift og så bortetter. Eg har alltid vore omringa av folk som liksom har nytt bygdelivet meir, som har vore meir "skapt for det".

Så eg flytta. Eg hugsar sjølvsagt ikkje akkurat kor bevisst eg var tenkesettet mitt på den tida, men at eg såg på meg sjølv som urban, det er det ingen tvil om. Og sidan eg notorisk ikkje greier å halde munn annonserte eg nok det til alle som ville høyre. Joke's on me. I etterkant, og særleg det siste året, har eg hella meir og meir mot tanken at eg aldri har vore urban, men at eg trudde eg var det fordi eg ikkje meinte at eg var særleg egna til bygdelivet.

Men folk forandrar seg. Eller forandrar oppfatning, i alle fall. I etterkant er det nærliggande å sjå på aversjonen mot heimbygda som ein slags misforstått måte å forklare at eg ikkje hadde interesser som heilt samsvarte med dei til mine nærmaste. Det at foreldra mine ikkje akkurat velta seg i pengar og fritid når eg vaks opp hadde nok òg noko å seie for oppfatninga mi, gardslivet for meg var synonymt med kontinuerleg arbeid med lite igjen for strevet, og sidan eg var (og er) aldri så lite bedageleg anlagt og glad i å kose meg var dette ikkje særleg attraktivt.

Så vart eg vaksen og budde i byen, og smått om senn såg eg fordelane eg oversåg som ung og dum: All plassen ein har til rådigheit, alle moglegheitene ein har med jorda og bygningane rundt seg, den fantastiske naturen, nærleik til store ressursar som sparar både pengar og miljø.

Det siste er kanskje det viktigaste poenget for meg. Det er kanskje ein romantisk og litt over-idealistisk tanke, men eg må jo vere ærleg og seie at idéen med å klare seg sjølv i større eller mindre grad er ein stor motivasjon. Eg ser ikkje for meg at vi ikkje skal måtte gå på butikken, for landskapet er ueigna for til dømes risdyrking og det er årevis sidan sist eg såg eit dopapirtre på våre breiddegrader, men kanskje kan vi vere med på å vidareføre kunnskap om korleis ein sjølv produserer og foreidlar mat, kunnskap som no er nærmast utdøydd.Okseplog Noko som slett ikkje tyder at vi skal flytte tilbake i tid og ikkje nytte oss av dei hjelpemidla som er tilgjengelege, men eg er overtydd om at det har både praktisk og  kulturhistorisk verdi å ta vare på kunnskap om matauk, og at det er både etisk og lærerikt å utnytte dei ressursane ein har i så stor grad som ein får til. Dyrehald har alltid interessert meg, sjølv om eg ikkje akkurat jumpa ut av senga med eit smil når eg var avløysar i mjølkefjøsen og måtte opp i grisotta i helgene. Og eg er veldig spent på og gler meg veldig til å gjennom dialog, undervisning og sikkert småkrangling med min far finne ut meir om kva ein kan gjere med eit småbruk som Nilsgarden på ein måte som er passande og tilfredsstillande for både våre og andre sine behov.

Eg meiner sjølvsagt sjølv at eg har akkurat den rette miksen av idealisme, pågangsmot og opplært realisme til å ta fatt på ei livsoppgåve som dette, men eg skjønar godt dersom enkelte er usamde. Eg er nemleg òg utålmodig og ein anelse lat, eigenskapar eg er alt anna enn stolt av, og eg håper verkeleg at eg greier å halde engasjementet og gneisten oppe. Det som er sikkert er at eg har lært at når livet er som tyngst på ein gard og ein har hundre tusen ting som skal gjerast og ingenting fungerer, ja så er det i alle fall eit variert arbeidsmiljø. Og i staden for ein sjef har ein sjølvaste Moder Jord som næraste overordna (ja, kanskje bortsett frå sjølafolket, alt etter som), og ein betre, strengare og meir fruktbar sjef skal ein vel leite lenge etter. Så får det heller vere at ein deler arbeidsplass med Murphys lov.

 

Kommentarer  

 
+1 # Vebjørn 17-02-2011 00:42
Hei!

Fyrst må eg takke for invitasjon til bryllaup i juni. Det hadde vor veldig kjekt å få tatt del i den store dagen, men eg har desverre ikkje anledning å kome.

I invitasjonen fann eg adressa til di / dykkar heimeside, og synest det var kjekt å lese innlegget ditt om at De flyttar til Sætre. Eg kjenner meg også godt igjen i argumenta for kvifor De ynskja å flytte dit.
For min del skal eg prøve å finne meg ein betre halvdel før eg vurderar å flytte heim att. Det er difor uvisst når det eventuelt måtte skje. :)

Ynskjer dykk begge alt godt på den store dagen i juni, i ekteskapet og livet på Sætre. Eg ser fram til ein kaffekopp i kveldssola på tunet i nilsgarden!

Vennlege helsingar frå Vebjørn i Oslo
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Lars 17-02-2011 13:20
Hei!

Synd du ikkje har høve til å kome i bryllaupet, men det er vel relativt sannsynleg at våre vegar kryssast før eller sidan likevel.

Artig at du likar innlegget og at du kjenner deg att - skulle du kjenne på heimferdstrange n er det både plass og behov for unge arvtakarar til verdas finaste bygd! Men det er god tid enno.

Kaffikjelen skal eg setje på standby, du er hjarteleg velkommen når du måtte ynskje!
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110529
Innlogging