Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 13

Så var det endeleg luciadagen, den eine dagen i året der pene, lyshåra jenter får vere i fokus. I Noreg er dagen stort sett for barnehagar og barneskular, med eitt og anna aldersheim- og butikkbesøk, men svenskane er heilt ville etter Lucia. Så ville at det vert krenkebrøling og nettrollharnisk viss t.d. Åhlens vågar seg til å vise ei ikkje-blond, ikkje-kvit Lucia i ei reklame. Ja, dette har skjedd i år.

Eg har ei lita opplysning å kome med til alle som måtte lure: St. Lucia var ikkje frå Sverige, ho var frå Siracusa på Sicilia, og enkelte kjelder meiner at ho var halvt gresk. Og halvt siciliansk: altså nesten garantert ikkje blond. Men sidan ho døydde for 1712 år sidan er det vanskeleg å bevise verken det eine eller det andre. Dermed er det ikkje noko å lage styr om, svenskar. Lucia kan like gjerne vere ein 61 år gammal kinesisk mann, for funksjonen ho fyller i dag er berre som symbolsk ljosbringar i ei generelt mørk og lite attraktiv periode av året, og det kan jo strengt tatt kven som helst vere. Unnateke slike som sit på Internett og skjeller ut eit mørkhuda barn fordi ho er Lucia i ein reklamefilm. Slike bringer lite ljos, eller andre nyttige og/eller hyggjelege ting, til torgs.

Vel. Over til noko anna, noko svenskane faktisk tradisjonelt har fått bra til: Eurovision Song Contest.

LUKE 13

Kor mange Luciasongar kan du? Viss du ikkje er nettopp svensk tippar eg talet er ein. Og at du kanskje har litt problem med å hugse den teksten som ikkje involverer avføring på ein høgareliggande stad. Og at denne songen opprinneleg handlar om eit hamneområde i Napoli, ikkje om sjølve helgenen. Viss du derimot er svensk er sjansen for at du kan opp mot ti ikkje heilt liten.

Dette har sjølvsagt ingenting med Eurovision å gjere. Men ein av desse svenske luciasongane heiter Strålande helgonfé, og damene som syng kjenner alle Grand Prix-fans frå før.

 

Trykk her for å høyre Strålande helgonfé med Sarah Dawn Finer og Malena Ernman

Malena Ernman er kjend for å levere ein av dei mest ...meh... songane frå Sverige i ei internasjonal ESC-finale og kom på 21. plass i Moskva i 2009 med La voix. Ho er dessutan hovsångerska, utnemnd av Kong Carl Gustaf sjølv, lyrisk mezzosopran og  jazzvokalist. Og juleplateutgjevar.

Ho har klinka seg saman med Sarah Dawn Finer, som trass eit anglosaksisk klingande namn er svensk, og eit friskt innslag både i panelet i den svenske versjonen av Adresse..., som kallast Inför Eurovision (kan anbefalast som eit Jan Fredrik Karlsen-fritt miljø for dei som er sensitive for slikt), og i to internasjonale finaler i Sverige i rollen som Lynda Woodruff, international spokesperson for the EBU. Sarah Dawn er ikkje berre flink til å meine ting om Grand Prix-låtar og snakke truverdig engelsk, ho har ikkje så verst læte sjølv.

Saman syng dei altså denne småfine songen om Lucia (som overvann døden? Var ikkje det ein annan sentral figur som gjorde det?), skrive av Gustav Adolv Brandt og tonesett av Hugo Hammarström, begge tidlegare vinnarar av "mest svenskklingande namn".

Til slutt: Kan nokon forklare meg greia med safran? Smakar det noko, er det berre eg som ikkje kjenner det? Og er det nokon som brukar safran bortsett frå i lussekattar? Er heile safranbransjen bygd opp rundt ein dag i året?

 

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110094
Innlogging