Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 11

Tenk deg eit land der det er jul heile året - der evig snøkledde sletter og åsar bestrødd med mørkegrøne grantre går over i ein djupblå horisont pryda med stjerner og dansande nordlys - der frosne elver glitrar under glade, skeissegåande familier i nisseluer med kalkunsmørbrød og kakao i picnickorga. For ein vakker stad å vere! Landet eg snakkar om er sjølvsagt Canada.

LUKE 11

Vi skal vestover, ja, til landet som har fostra fram storleikar som Shania Twain, Alanis Morisette, Celine Dion og Bryan Adams. Men sjølv om alle desse har sine (vidt forskjellige) "kvalitetar", skal vi sjå litt nærmare på endå ein av mine gamle favorittar, dronninga av melankolsk haustmusikk og stemma du høyrer på lydsporet under triste scener på nittitalsfilmar: Sarah McLachlan. Her i landet er ho kanskje mest kjend for songen Angel, som dessverre har blitt noko ihelspelt med åra, og for den grusomt triste songen frå Toy Story 2.

Ho fortener dessutan ære og heider for ein stor innsats for å fremje kvinnelege artistar innad i bransjen. Visste du at det på nittitalet ikkje var uvanleg for radiostasjonar å ikkje spele to songar med kvinnelege artistar etter kvarandre? Då vart det liksom for spesielt, for spesielt interesserte, liksom. Dette synst sikkert mange kvinnelege musikarar var nokså utruleg teit (ja, men det var jo det!), det gjorde i alle fall vår canadiske venninne, så ho starta Lilith Fair, ein omreisande festival som hadde berre kvinnelege headlinerar. Stikk i strid med kva som var konvensjonen. Og det vart ein kjempesuksess. Etter nokre år var det plutseleg ikkje så utenkjeleg med ei dame som trekkplaster lenger, og noko av dette kan vi altså takke Sarah McLachlan for.

Og som dei fleste andre artistar med respekt for seg sjølv har McLachlan eit julealbum på samvitet, eller faktisk to, for ho kom ut med sitt andre no i år. Det har eg ikkje høyrt så mykje på, og det vesle eg har fått med meg er ikkje så imponerande. Men det første, Wintersong frå 2006, er bra. Her får vi både litt tradisjonelle julesongar, nokre moderne klassikarar i coverversjon og ein nyskriven song, Wintersong, som er eit av dei betre bidraga til den moderne julesongboka. Men det beste sporet er What Child Is This?.

 

Trykk her for å høyre What Child Is This? med Sarah McLachlan

Melodien Greensleeves er engelsk, supergammal og kjend for dei fleste. Varianten McLachlan brukar her er ikkje så kjend som den dei fleste vil nynne viss du ber dei om å synge Greensleeves, men det reknast faktisk som den same melodien. Det er noko med romanesca-progresjon og passamezzo antico og nokre andre musikkteoretiske greier som eg er for trøytt no til å skjøne eller formidle vidare. Eg synst denne varianten er veldig fin, i alle fall. Teksten er skriven i 1865 av ein med det erkebritiske namnet William Chatterton Dix. Ein så britisk mann som han ville nok blitt lei seg viss han fekk høyre at songen hans i dag nesten ikkje blir brukt i England, men er veldig populær i utbrytarstaten USA.

Sett på litt canadisk pianojul i bakgrunnen, tenn tre lilla lys og ha ein fortreffeleg adventssøndag! Passar bra med ein lang brunsj i dag, gjer det ikkje? Før julestresset slår inn for fullt, meiner eg?

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 112298
Innlogging