Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 9

Nei, no får det vere nok ikkje-estisk musikk for ei stund, bli med meg tilbake til landet som flyt av õ-ar og vanskelege diftongar!

Frå ein gammal mann med rart namn og langt skjegg i luke 3 går vi til ein mann som også har dei tre attributtane. Riktignok ikkje fullt så gammal, men med lenger skjegg, og omtrent like rart namn. Vi snakkar sjølvsagt om verdas mest framførte nolevande komponist, geniet Arvo Pärt.

LUKE 9

Eg har etterkvart eit relativt hendingsrikt korliv bak meg. Eg kjenner mange som er langt meir meritterte enn meg, men ser ein på det norske folk under eitt trur eg at eg har sunge meir i kor enn gjennomsnittet. Og nokre av kora har vore riktig så bra, utan at eg skal ta så veldig mykje av æra for det, nødvendigvis. Likevel har eg sunge veldig lite Pärt. Korleis kan det ha seg, når han, som eg nemnde ovanfor, er (i alle fall visst nok) verdas mest framførte?

Jo, det er fordi musikken hans er forræderisk vanskeleg å framføre. Sjølv svært dyktige musikarar (ja, til og med dyktigare enn meg) får utfordringar i møte med det som for tilskodaren virkar enkelt, vakkert, ja, nesten naivt. Desse eigenskapane i musikken stiller enormt store krav til utøvarane: Den minste unøyaktige tone kan få heile glasslottet som Arvo har bygd til å gå i tusen knas som eit vinglas i ei overfylt oppvaskmaskin.

Han nyttar ein teknikk som nesten er som ei oppskrift, og som er heilt eigenarta. Han kallar det tinntinnabuli, som kan oversetjast med som klingande bjøller. Enkle akkordar, gjerne heilt vanlege dur-treklangar, blir kombinert med trinnvise melodiar, som skalaer. Eit godt eksempel på dette er det tidlege tinntinnabuli-stykket Spiegel im Spiegel for piano og fiolin. Veldig enkelt og minimalistisk, og veldig, veldig vanskeleg.

Men vi skal sjølvsagt eigentleg høyre på kormusikk, for det er jo jul, og det er jo eg som skriv.

 

Klikk her for å høyre O Immanuel av Arvo Pärt, framført av Theatre of Voices

Denne songen tilhøyrer ein liten serie som heiter Sieben Magnificat-Antiphonen, som for øvrig kan tilrådast frå start til slutt. Som tittelen antyder er det her snakk om sju antifonar (ein antifon er ein vekselsong, altså at to eller fleire grupper byter på å synge), og akkurat desse tilhøyrer adventstida. Tekstene er eldgamle, kanskje så gamle som 1700-1800 år, og kallast ofte O-antifonane. Dei sju korte versa tek kvar for seg eit av Jesu tilnamn (Visdom, Adonaï, Isais rot, Davids nøkkel, Morgonljos, Konge over alle folk og Emmanuel), og dette er det siste av dei. Vi er litt framfor skjema her, for denne antifonen høyrer til den 23. desember.

Eg merkar at eg lett kan bli litt vel nerdete når eg snakkar om desse stykka, for her snakkar vi storfavorittar for min del, så eg skal nøye meg med å påpeike kor effektivt han Arvo bygger spenning i starten av dette stykket: O... O... Im... Im... man... man... u... u... el... el... i vekselsong mellom sopran og resten av koret, tettare og tettare, høgre og høgre, til vi endeleg kan nyte forløysinga:

O Immanuel, unser König und Lehrer
Du Hoffnung und Heiland der Völker
O komm, eile und schaffe uns Hilfe
Du unser Herr und unser Gott!

Ahh... Så vart det jul.

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110118
Innlogging