Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 7

På tide å få på seg søndagskleda og hatten, for no skal vi til kyrkja.

LUKE 7

Dei få gongane eg ikkje låner øyre til Estland sine superbe komponistar har eg, som mange andre, ein tendens til å sjå over dammen etter musikk. Amerikanarane er eit forunderleg folkeslag, men dette med å lage popmusikk har dei vore flinke til. I luke 3 snakka eg litt om periodiske "diller" og slikt, og dette ser ut til å verte eit gjennomgåande tema heile adventstida. Kanskje er det noko med årstida som gjer oss litt sentimentale? Dagens tema dreier seg i alle fall òg om ei fase eg har hatt, og denne gongen er det ei eg på Schrödingersk vis både er ferdig med og ikkje ferdig med.

Akkurat som at ingen kjøper Se&Hør sjølv om det er det mestseljande bladet i Noreg er det ingen som likar Mariah Carey sjølv om ho er den mestseljande artisten i nyare tid. Sett bort frå meg, då. Eg kjøper ikkje Se&Hør, men meg må jo innrømme at eg er Mariah-fan (ho kallar oss Lambs). Det vil seie, eg var det fram til 1999, og er er framleis fan fram til 1999.

Eg var så heldig at eg ikkje hadde eldre sysken som kunne diktere kva musikk som var akseptabelt å like, og så uheldig at eg ikkje hadde eldre sysken som kunne fortelje meg kva musikk som var sosialt sjølvmord å flagge tilhøyre til. Eg kom aldri bort i grunge eller trip-hop eller rave, slik dei med kule storebrødre gjorde. Enkelte av mine venner sverga allereie i ti-tolvårsalderen til kredibel syttitalsrock og hadde ein favoritt-Led Zeppelin-song i femteklasse. Slikt visste eg ingenting om.

Eg gjekk rundt i mi eiga verd og måtte finne min eigen musikalske sti. På ei slik ferd er det klart det blir nokre feilsteg. Men eg var jo berre eit barn, så eg vaks det verste av meg. Eg eig ikkje mindre enn to Toni Braxton-album. Eg fekk ei Robert Miles-plate i gåve ein gong som eg bytta til Celine Dion - Falling Into You. Eg tykte Hanne Boel var kul. Eg tykte Vaya Con Dios var kul. Eg var som ein slags 12-årig førtifemåring med ein hang til P4.

Og så var det Mariah. Her var det snakk om ei slags forelsking altså. Mariah kom inn i livet mitt akkurat i det eg skulle til å gå den humpete, pinlege og kronglete vegen frå barndommen til vaksenlivet. Ho kom i form av MTV Unplugged EP, ei plate som kom ut i 1992, men som eg fekk i julegåve i 1995, må det ha vore. Elleve og eit halvt år var eg då. Brunt, krøllete hår og eit kvitt, pent smil strålte mot meg på coveret, ein vagt eksotisk 22-åring med ei stemme som var for stor for den vesle CD/kassettradioen eg hadde spart til. Eg var solgt.

Eg hadde ikkje høyrt om Mariah før, dette var før småungar hadde tilgang på all verdens informasjon. På dette tidspunktet hadde ho allereie gitt ut julealbumet sitt, men CDar var ikkje noko ein fekk gratis og pengar var ikkje noko eg hadde, så det tok nok eit par år før eg fekk kjøpt det. Og her er det mykje gull for oss som ikkje skjemst over å like slikt som er litt vel pompøst.

 

Trykk her for å høyre Jesus, Oh What A Wonderful Child av Mariah Carey

Skamlaust og sjølvbevisst kommersielt er det, men slik er jo jula òg. Denne plata har solgt ca 15.000.000 eksemplar og er verdas mestselgande julealbum nokon gong. Mariah er på høgda av den første karriera si (det gjekk dårleg ei stund etter årtusenskiftet, men jaggu kom ho ikkje tilbake), stemma er framleis ung og sprek, og (eg er kanskje litt gammeldags som seier dette, men...) imaget er ikkje berre puppar og lår.

Plata inneheld super-mega-ultra-julehiten All I Want For Christmas Is You, som til stor overrasking for mange faktisk er skriven av dama sjølv (saman med kompanjongen Walter Afanasieff, men dog), samt mange heilt tradisjonelle julesongar i pop slæsj gospeldrakt. Av dei mindre heldige augneblinka på plata er vel Händel i dance-drakt på Joy to The World, men stort sett er dette feelgood julepop som sikkert hadde vore artig å synge med på, hadde det ikkje vore for at dei færraste er utstyrt med slike piper som Mariah.

Jesus, Oh What A Wonderful Child er ei tradisjonell gospellåt, og det er akkurat det han er spelt inn som. Opptaket vart gjort i ei kyrkje, med fullt kyrkjekor, Hammondorgel og born med tamburinar, og dette gjer at mellom dei andre gode men kanskje litt overproduserte songane skil denne seg ut som eit (tru det eller ei) jordnært spor. Dessutan er det rasande festleg med tempodobling og frenetisk koring, ein får ei viss forståing for at ein kan kome til å bli litt ekstatisk i forsamlingar med slik musikk.

Her er det berre å kremte godt og prøve å henge med. Teksten er no i alle fall relativt enkel. Hallelu!

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 129503
Innlogging