Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 5

Eg har lagt merke til at denne bloggen har ganske mange fleire lesarar enn dei vi kan rekne som våre næraste venner og familie, og det er jo kjekt. Men inne i denne massen av lesarar er det utvilsamt mange som kjenner oss også utanfor Internett, og for alle dykk som har tilbragt eit minimum av tid i same romet som meg kan den neste luka umogleg kome som ei overrasking.

LUKE 5

For det var vel ikkje spørsmål om eg skulle prate om estisk korsong, men kanskje heller kor mykje. Svaret på det er: ganske mykje, men ikkje så mykje som eg skulle likt. Eg er glad for å vere norsk og trivst med det, men viss eg måtte vere noko anna ville eg helst vore estisk. Og det er 100% grunna kormusikken deira, som er åsom på alle måtar. Så fantastisk er han at han øydela Sovjetunionen! Og best av all estisk kormusikk er den Veljo Tormis har laga.

Eitt av mine beste livsval var å søke opptak i Trondhjems Studentersangforening i 2005. Der hadde eg seks fantastiske år, og eg lærte meir der enn eg gjorde på NTNU (viss ein reknar etter kva eg har fått bruk for seinare i alle fall (grunnen til dette kan sjølvsagt vere at eg brukte vel så mykje tid på Studentersamfundet som på skulen).), og det er kanskje dette koret eg lengtar mest tilbake til når eg lengtar tilbake til Trondheim, og det gjer eg jo litt av og til. Her vart eg introdusert for mange fine folk og mykje fantastisk musikk, mellom anna han som skulle bli mannen i mitt (musikalske) liv, Veljo Tormis (vi har eit ope forhold).

Veljo Tormis vart fødd i Harjumaa i det nordlege Estland i 1930, og har i løpet av ei lang karriere komponert over 500 verk for kor eller vokalistar. Stilen hans er bygd rundt det som kallast regilaulud, ofte omsett til runesongar, ein eldgamal type tradisjonsmusikk frå Estland og dei beslekta kulturane rundt. Desse songane er gjerne monotone og messande, med eit kort tema som vert gjenteke i vekselsong mellom fleire stemmer. Det rytmiske og enkle, men samstundes svært sofistikerte i Tormis sin musikk er det eg synst er fascinerande, sjølv om det kanskje ikkje er sånt ein likar heilt med ein gong, eller nokon gong. Nokre tek feil når det gjeld musikk, og det er eg så storsinna at eg aksepterer.

Trykk her for å høyre Jõulud tulevad av Veljo Tormis, framført av Det Estiske Nasjonale Mannskor

Tormis passar som kjent til alle høve, men om han har nokon feil i sitt kunstnariske virke må det vere at han har skrive litt for lite julemusikk. Ein heil syklus til Martinsmess har han, men sørgjeleg lite til jul. Heldigvis har han laga denne artige vesle saka, Jõulud tulevad, som tyder "Jula kjem", skrive i 1996. Kanskje ikkje av dei mest stemningsfulle låtane du høyrer rundt juletider dette, men jul er jo òg fest og moro! Eg personleg meiner at fest og moro er lik fleirstemt estisk vekselsong. Og at tekstlinja "Jõnkadi-jõnkadi" burde vore brukt oftare.

 

Kommentarer  

 
0 # Pernille 05-12-2016 11:05
Å, min gode ven! Akkurat dette bilete hadde eg som bakgrunn på dataen min for ei tid tilbake. Flott, både musikken og mannen.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Martin Eikeset Koren 05-12-2016 23:11
Jeg synes det er flott med en egen syklus til martinsmesse, denne alt for nedskryte festdagen! Mer fokus på Martin, sier jeg!
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110092
Innlogging