Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 3

Vi har vel alle nokre faser bak oss når det er snakk om musikkpreferansar. Eg har mange og mildt sagt varierte, mellom anna ei intensiv renessansemusikkfase våren 2006, og før det, ei noko lenger RnB-fase sånn rundt årtusenskiftet. Slike faser blir gjerne innleda av at eg kjem over ein song meir eller mindre tilfeldig og får dilla på ein artist eller ein subsjanger. Nokre gongar går det over, eg er til dømes ikkje så oppteken av verken RnB eller renessansemusikk lenger, andre gongar sit det i litt lenger.

LUKE 3

I september 2005 var eg på Platekompaniet i Thomas Angells gate i Trondheim for å finne ei bursdagsgåve til ein venn. Dette var medan CDen framleis var ei greie. Det var sånne lyttestasjonar ein kunne bruke, og eg plukka ut eit album eg syntest hadde veldig ålreit omslag (ja, eg dømmer etter utsjånad både når eg kjøper musikk og bøker): Come On, Feel The Illinoise av Sufjan Stevens, som eg aldri hadde høyrt om før, og stilte meg opp med øyretelefonar for å høyre om det var noko tess. Den dagen gjorde eg noko eg aldri hadde gjort før og heller aldri har gjort igjen: eg gjekk ut frå Platekompaniet med to eksemplar av same plate i posen. Ei i gåve og ei til meg sjølv. Dette er framleis ei av favorittplatene mine. Dette er vel det næraste eg har vore hipsterlivet nokon gong, eg var ung og lovande og hadde nett funne ut at t-skjorter med ironiske åttitalsreferanser var tingen, og attpåtil hadde eg byrja like banjo-indie frå midtvesten. Men no pratar eg meg bort, for Illinois er jo ikkje ei juleplate, og eg har heller ikkje noko julete forhold til henne, noko som vel må vere kravet for ein lukeplass i denne kalendaren. Så vi hoppar tre år fram i tid, då Sufjan bestemte seg for å gi ut ei ikkje mindre enn femdobbel juleplate, med julesongar han hadde spelt inn frå 2001 og utover.


Trykk her for å høyre Sufjan Stevens med Come Thou Fount of Every Blessing

Å kalle banjo-indie-fasen min for ein fase er kanskje litt søkt, for på desse tre åra hadde eg gjort lite for å tileigne meg nye banjo-indie-kjennskapar og eg hadde heller ikkje kjøpt fleire Sufjan Stevens-skiver. Eg berre likte Illinois. Men eg fekk med meg denne forunderlege utgjevinga, og den har også følgt meg sidan. Heile prosjektet er veldig low-fi og har ein heimelaga og koseleg lyd. Og sidan det er ei femdobbel plate er det mykje julestemning for pengane. Her er både kjende og kjære julesongar som Silent Night og O Come, O Come Emmanuel (tre gongar, faktisk) og nyskrivne songar som Come On! Let's Boogey To The Elf Dance og Did I Make You Cry On Christmas? (Well, You Deserved It!).

Eg har plukka ut ein av mine favorittar frå dei over 40 spora på denne utgjevinga. Sjølv om denne strengt tatt ikkje er ein julesong meir enn at han har vagt julete undertonar, gjev han godkjensla, med plinkete strengar og fleirstemt, lavmælt song. Come Thou Fount of Every Blessing er ein klassisk amerikansk song som er lite brukt andre stader, teksten vart skriven av Robert Robinson i 1757, og melodien er ein amerikansk folkesong som kallast Nettleton.

Viss du, som eg, har ein liten urealisert indiehipster i deg, bør du unne deg litt Sufjan no opp mot jul. Kanskje iført ein ironisk julegenser? Det er opp til deg.

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110105
Innlogging