Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 1

Vi tre i Annastova er ikkje alltid heilt på bølgelengde, heller ikkje no i den glade førjulstid. Medan far i huset helst ville gått i forkle heile desember og baka vesentleg meir enn sju slag, toppa fjorårets peparkakehus med minst to peparkakehuskulheitmåleeiningar og tenne alle ljos så ingen krok er mørk, har mor ein meir nøktern og næringsorientert innfallsvinkel. Så lenge pynten står på same staden som i fjor, sånn nokonlunde, julegåvene er ordna i god tid og pengane ikkje heilt brukt opp, huset er litt meir ryddig og reint enn vanleg og pinnekjøtet tørka og klart til den 24. er ho nøgd. Desse ganske signifikante forventningsskilnadane resulterer av og til i meir eller mindre komiske førjulsoppgjer, nokre av nesten Hollywoodsk forviklingsfilmkarakter (men det går alltid bra til slutt!), og ingen får det vel eigentleg heilt som dei vil.

Nils er liten og komisk lite kravstor enno, både til advent og jul. Vi prøvde å få ut av han eine dagen kva han ynskjer seg, men det var fåfengt. (Pakkar. Men kva skal vere inni pakkane? Julenissen skal kome med pakkar til meg. Men kva har du lyst til å finne inne i pakkane? Haha, kanskje du kan vere inne i ein pakke, Mamma?) Kids say the darndest things.

Vel. Ein ting har vi no i alle fall til felles, og det er musikken. Julemusikk er den beste sjangeren, ikkje sant? Vi har sett saman ein liten kalendar med 24 favorittsongar og -melodiar, kjende og ukjende, til dykk der ute på internett, kjende og ukjende. Dette er den einaste adventskalendaren vi har i år, ingen pakkar eller sjokolade. Vi nyt å sleppe det medan vi kan, og sjølv om du sikkert har høyrt dei fleste songane før håper vi at kanskje også du vil ta deg nokre nedstressingsminutt kvar dag, høyre på ein fin song og berre gle deg til jul. Kanskje får du ein ny favoritt, kven veit? God fornøyelse, og god advent!

LUKE 1

Bak denne luka skjuler det seg ei dame med eit pent smil, for høvet litt bustete hår og, etter det vi kan gjette ut frå biletet, ein skikkeleg bløtkakejulekjole à la 1987. Vi snakkar sjølvsagt om Bergens og Heile Norges Sissel Kyrkjebø.

Trykk her for å høyre på Sissel Kyrkjebø - Den store stjerna

Den store stjerna er henta frå Glade Jul, Noregs bestselgande album gjennom tidene. Altså ikkje berre bestselgande julealbum, men generelt. Til og med mamma og pappa kjøpte denne då ho kom ut, eg hugsar det, eg var tre og eit halvt år og skuffa over at Rudolf er rød på nesen ikkje var med på kassetten, så eg foretrakk skiva til Line, Kim, Tonje og Rune Larsen. Sidan har eg endra meining. Plata til Sissel er ikkje nyskapande eller edgy på nokon måte, men det er jo ikkje jula heller. Det er derimot ei velarrangert og godt gjennomført plate som tåler tidens tann. Egil Monn-Iversen stod bak orkestreringa, dette er (nesten) synth-fritt og overraskande lite åttitals, kanskje er det difor ho har heldt seg populær heile tida. (Ikkje eit vondt ord om synth og/eller åttitalet, altså).

Trygve Hoff, som har skrive Den store stjerna, er òg kjend for å ha skrive Nordnorsk julesalme som har blitt mykje brukt siste åra. I motsetnad til denne, og mykje anna Hoff skreiv, er Den store stjerna skrive på nynorsk, ikkje nordlandsdialekt. Han skreiv nemleg songen særskildt til denne utgjevinga, og utgjevarane ville ha ein som var på eit standardisert språk, slik at han kunne "vere for alle". Hoff greidde ikkje å skrive om "stjernen", og valde difor å skrive teksten på nynorsk. Bra for han!

Hoff døydde 2. desember 1987, 49 år gammal, like etter at plata til Sissel var gjeven ut. Den store stjerna er dermed ein av dei siste tekstene hans, og har takka vere Sissel blitt ein slags moderne juleklassikar. Personleg set eg pris på kor lett han er å legge fine andrestemmer på, det kan eg på det varmaste anbefale å prøve.

 

Kommentarer  

 
0 # Mariel og Lars Abrah 01-12-2016 12:35
Vi tykte dette var ein FLOTT adventskalender ! Vi gler oss til framhaldet.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Lars 02-12-2016 00:03
Takk for det, det var kjekt å høyre! Fint at både unge og eldre set pris på det!
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110110
Innlogging