Middagsprosjektet, eller eit nytt og betre liv.

Så sat vi der då, to relativt intelligente folk i vår bokstaveleg tala beste alder, omringa av guds frie og fruktbar morenejord. Ein unge hadde vi òg greidd å kreiste fram etter litt om og men.

 Likevel sit vi på eit stort, velutstyrt kjøkken og èt Axa Fruktmüsli til frukost, middag og kvelds, og blir feitare for kvar dag som går. Fordi det er så vanskeleg å kome på noko godt og sunt som begge likar til middag.

Hanne og eg kjem frå vidt forskjellige bakgrunnar. Eg er eldst, ho er yngst, attpåklatt til og med. Hennar foreldre har budd kvar for seg i mange år, mine er gift på trettiandre året. Eg har unge foreldre fødde på sekstitalet, hennar er nesten tjue år eldre. Men vi har dessverre ein ting til felles at vi er veldig matvane, eller kresne, som dei kallar det andre stader. Eg kan ikkje ete ein rå tomat utan å brekke meg, og rynkar på nasen av mais og varme frukter. Hanne blir sur av kepaløk, erter og brokkoli og ingen av oss er særleg glade i kvite fiskar. Eg har problem med torsk, Hanne med sei. Vi er begge litt for glade i ost, smør, pasta og kjøttdeig og ikkje minst verdens beste middag: ferdigpizza.

For eit miljø å oppdra eit barn i, seier du, og vi er heilt samde. Normale, stabile heimar med prinsipp og ideal serverer sunne og frå botnen laga fiske- og vegetarmiddagar heile tida. Dei lærer borna sine at mat ikkje er gratis, at salte ferdigløysingar høyrer til berre i unntakstilstandane og at eit variert kosthald er nøkkelen til ein sunn lekam og eit balansert sinnsliv.

Så på ein sjeldan trilletur på meir enn ti minutt tok vi, to intelligente personar på rundt dei tredve, ei avgjerdsle. Hallo, sa vi. Vi har faktisk trettito kokebøker av høg kvalitet ståande - til og med i ei eiga hylle på kjøkkenet. Kvifor er vi så late? Vi har ein heil grøde av ferdig og gratis kornukopi rett utanfor kjøkenglaset seks månader i året. Vi var begge samde om at vi måtte ta oss saman. Nils er enno berre ein baby og skjønar ikkje kva som skjer, og vi kan proppe oss med Casa di Mama, Mac & Cheese og Grandiosa utan at han hevar eit augebryn, men om eit halvt år, eitt år, to år, kva då? Nei, her er det best å handle kjapt.

Dermed var det gjort. Dei trettito kokebøkene, i hovudsak samansett av eit kort, men lønnsamt medlemskap frå mi side i Bokklubben Mat- og Vinglede tidleg i førre tiår, vart gjennomgått etter fylgjande reglar:

  • Ein av oss les kokeboka frå perm til perm og plukkar ut dei oppskriftene han eller ho kan stå inne for.
  • Den andre går gjennom oppskriftene frå førre punkt og stryk dei som ikkje er akseptable etter hans/hennar smaksparadigme.
  • Begge skal etter beste evne strekke seg etter å utvide smakshorisonten sin og ikkje stryke oppskrifter utan at dei er bombesikre på at dei er uspiselege.
  • Ting ingen av oss har smakt før er per definisjon godt.

Som sagt, så gjort. I løpet av tre-fire kveldar hadde vi plukka ut ikkje mindre enn 156 rettar i fire kategoriar:

  • Vegetarmiddagar
  • Fiskemiddagar
  • Helgemiddagar
  • Vanlege middagar

Desse skreiv vi så opp pent på hhv. grøne, blå, gule og raude lappar. Vi skulle ha ein grøn, to blå, ein gul og tre raude middagar i veka. Den gule lappen måtte lagast fredag, laurdag eller sundag. Det vi trekte skulle lagast, med mindre råvarene var uråd å få tak i, til dømes lam, som vi produserer sjølve, eller makrell, som er ei typisk sesongråvare. Graut, pannekaker og potetball gjeld ikkje som vegetarmat sjølv om dei pr. definisjon er utan kjøt. Dersom ein lapp vart prøvd og begge vurderte retten som meir eller mindre uspiseleg, kunne han kastast og ikkje brukast om att. Etter dei gule middagane kunne vi lage dessert etter eige ynskje, men ikkje elles.

Vi laga til ei tavle slik at vi kunne henge opp lappane, og fordele kven som skal lage middag frå veke til veke.

 

Dette vil seie at vi frå no av i snitt skulle ete same middagen berre 2,3 gongar i året. No har vi allereie kasta tre rettar, så vi kan kanskje seie at det vert tre runder per år.

Den 2. august trekte og laga vi den første middagen, ein gul lapp med ein italiensk biff- og sopprett med rista brød og salat. Det var nydeleg godt og sette prosjektet i gang på verdig vis. Hanne, husets biffekspert, fekk æren av å setje prosjektet i gang.

Etter dette har det gått slag i slag. Nesten alle middagane har vore braksuksessar, berre tre har vore fiaskoar, det vil seie knappe 10%. Kjensla av å vere fri frå middagsplanlegginga er overveldande. No trekker vi sju lappar kvar måndags ettermiddag, frå onsdag til tysdag. Tysdag handlar vi inn for heile veka, så går vi ikkje på butikken meir den veka, med mindre det er snakk om salatar eller svært kortvarige ferskvarer. Matbudsjettet er kraftig redusert, ned i 300 kroner i veka. Og då snakkar vi smakfulle, balanserte, varierte og sunne rettar. To fiskemiddagar og ein vegetarrett i veka er ganske heftig for to innbarka kjøttetarar, men det har gått over all forventning. Fiskemiddagane er gode, vegetarmiddagane er mettande og billige, og heile prosjektet viser seg å vere eit av dei mest vellukka vi har gjennomført i lag. Her er eit utval av favorittane våre så langt:

Det at enkelte av middagane tek ein time å lage til gjer ikkje så mykje. Å sleppe å tenkje på morgondagens middag er så deilig at vi gjerne tek det vesle ekstra arbeidet med tillaginga. Og som ein bonus har begge vi vaksne faktisk gått ned i vekt av dette prosjektet. Og vi var ikkje SÅ ille i matvegen før denne ideen, altså. Vi var berre litt lite varierte. No trur vi at vi har skutt gullfuglen. Vi har greidd å innføre eit variert kosthald som vi begge kan leve med, vi har middag kvar dag og vi ét sunt og godt, samstundes som vi stadig lærer nye matlagingsteknikkar og rettar. Vi gler oss til kvar middag, og til å planlegge kvar nye veke. Det er som ei loddtrekking der ein alltid vinn, og to vanskelege middagsgjestar har blitt reine gourmetkokkane som ved eit trylleslag. Kopiér gjerne opplegget, har du nokre kokebøker på hylla og eit lite personleg repertoar har du det som trengst!

No kan vi utan skam ha born i huset, og lære dei gode, varierte og relativt sunne matvanar. Forhåpentlegvis vert resultatet at Nils og eventuelle sysken ikkje hamnar i same keisame tralten som foreldra. Så må vi berre registrere kva råvarer vi oftast treng og planlegge frøinnkjøpa til neste sesong...

 

Kommentarer  

 
+1 # Gunn-Tone 01-09-2014 13:27
For eit prosjekt!! Fantastisk! Og no når de har tenkt ut ideen og eg les at den er godt gjennomførbar då fristar det å kopiere. Eg er ekstremt dårlig på planlegging, det betyr at kjøleskapet oftast er tomt og butikkrunda blir gjort i det middagen egentlig snart burde stå på bordet. Då skjer det at kålrullettar blir forenkla undervegs , til pølse td. Å handle inn for hei heil veke synest omtrent umulig for meg, men dette inspirerer!
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Randi Tharaldsen 04-09-2014 18:07
Her har dere virkelig skutt gullfuglen, ingen tvil! Og et tips fra meg: Du Lars Olav som skriver så godt og humoristisk: dette kan jo bli ei bok!
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Siri Johannessen 28-09-2014 08:38
Imponerende!! Kom inn på bloggen her fordi jeg googlet hedemorahøns. Her var det så mye nyttig og morsomt å lese at jeg kommer til å følge dere framover!
Hei fra meg
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Lars 29-09-2014 18:25
Takk for det, Siri, og velkomen til Annastova. Alltid kjekt med nye lesarar, og no bryggar vi på ein epistel om akkurat hønene, så følg med!
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110116
Innlogging