Addisjon, subtraksjon, distraksjon

Det har visst blitt 2014. Det ignorerer eg berre og fortset med innlegget som om ingenting har skjedd sidan sist. Ikkje det at ingenting har skjedd - heller det motsette. Annastova har i to og eit halvt år hatt to innbyggjarar, men no er det ikkje mange vekene til det blir tre. Hanne har ein godt og vel halvsteikt bolle i omnen, og det har jo fått ein del konsekvensar. Stort sett positive, heldigvis, for eksempel viser det seg at ein graviditet, som har eit ganske definitivt sluttpunkt, ein slags absolutt siste frist, er god motivasjon for ferdigstilling av diverse interiøre prosjekt. Kven gidd å ha ein gang full av malingsspann og utgangsdør i kjellaren med ein baby i huset? Ikkje eg, og i alle fall ikkje Hanne. Derfor vart den o så segnomsuste gangen, husets største rom og definitivt største torn i foten min, ferdigstilt med listverk, maling, tapet og alt eit par veker før advent. Puh.

Noko babyar tek med seg anna enn ein liten dose tiltakslyst og auka pliktkjensle er tydelegvis masse ting. Det viser seg at dei treng ein heil haug med klede og utstyr, og dette må sjølvsagt lagrast ein stad. Vi er så heldige at Hanne er yngst, slik at mykje klede og utstyr kan arvast frå hennar sysken som er meir eller mindre ferdige med babyar. Etter siste Trondheimstur kom vi tilbake med bokstaveleg eit fjell av barnekle. Eg, som på mine gamle dagar har blitt ein ei-bukse-ei-skjorte-type kan nesten ikkje skjøne at ein kropp på ei tre-fire kilo skal greie å bruke så mykje klede, men Hanne har forklart meg at mykje av volumet kan forklarast med to punkt: 1: Dei tissar og gjer frå seg i kleda, noko som medfører relativt hyppige klesskift; og 2: Dei har ein lei tendens til å bli større for kvar dag som går.

Vi har eit lite mørkeloft som er fint til mellombels lagring av til dømes klede som passar ein toåring. Problemet var at dette var fullt av andre ting, mellom anna tre store kasser med ting mor mi har avhenda frå sitt mørkeloft som var mine. Det er dette eg tenkte å snakke om i dag. Eg har lenge utsett å gå gjennom dette, og med god grunn, viste det seg. Det beste frå barndommen min, for eksempel teikningar eg gjorde meg flid med (inkludert ei periode med ein god del mørk religiøs mystisisme eg hadde som fireåring) har aldri blitt plassert på mørkeloftet, men stått framme i eit album. Men noko av det som var på rommet mitt heime er ikkje verdt å ha ståande framme, men kanskje litt vanskeleg å kaste, og det var i denne kategorien desse kassene var. Noko av det var uskuldige, til og med artige og/eller nusselege ting frå min tidlege barndom. Bobledressen eg brukte då eg var to år, for eksempel, eller ein neve tinnsoldatar eg arva etter onkelen min. Eller frimerkesamlinga mi, som heilt tydeleg bestod av eit par pakkar med "Verden. Usortert." kjøpt på postkontoret, med nøyaktig null frimerke verdt meir enn pålydande verdi.

Noko av det var litt spesi, som for eksempel ei lita krukke med mjølketennene mine i. Det var ganske uappetitteleg, kvifor har eg teke vare på dei? Forklaringa kan ligge i at eg var eit over gjennomsnittet sentimentalt barn. Eg kunne stå på brua og kaste småstein i elva, for så å plutselig bli veldig knytt til ein av dei. Dette resulterte ofte i at eg hadde lommene i den dallblå ytterjakka eg alltid gjekk i fulle av småstein. Heilt vanlege, grå småstein, av typen som folk har i oppkøyrslane sine. Desse samla eg på og vart glad i. Hjelpes. Eg var som eit lite TLC-program heilt på eiga hand allereie i tidleg barneskulealder.

Men ungar i barneskulealder er jo enn så lenge litt sjarmerande, berre i kraft av å vere nokonlunde søte og svært lite kunnskapsrike. Det blir verre seinare. For plutseleg var eg over i ungdomsskuleavdelinga, og her var det mykje skulearbeid som burde vore hive for lenge sidan, eller helst aldri blitt produsert.

Det finst ingen vidunderbarn i skrivekunsten slik det finst i musikken og sjakkspelet. Det er fordi god skrivekunst fordrar kjennskap til livet.

Fran Lebowitz sa dette, og det er sant kvart enda ord. Det verste er vel at eg faktisk trudde at eg var flink til å skrive, at eg kunne male eit bilete med ord og skape stemingar og kjensler hjå lesaren. Etter å ha teke ein høgst ufriviljug dukk ned i mitt eige fjortis-sinn fyllest eg med ei blanding av djup skam og trong til å le. Tru ikkje at eg greidde å lese stilane eg fann, å nei. Her var det snakk om små glimt, fragment av setningar, overskrifter medan eg bladde gjennom lausarka på jakt etter vitnemål, attestar eller andre ting som måtte takast vare på. Og kvart vesle glimt fekk det til å gå kaldt nedetter ryggen min, og eg tenkte med gru på stakkars Signe som måtte lese dette makkverket, og oftast måtte gi det ein god karakter fordi det var nokonlunde grammatisk korrekt og følgde fiskeformelen etter boka.

Her vart tunge tema som romantikk, skilsmisse, rus, sjølvmord, svik, eksistensielle kriser og andre klassikarar handsama med den største sjølvfylgje av min ungdomsskulepenn. Kvart ord utstrålar ein misforstått autoritet på alle sjelelege kvaler ein kan tenkje seg, ingen kan skjøne menneskeleg liding som eg, eg er trass alt niandeklassing og fullt utlært i livets skule. Til og med namna eg brukte i stilane får meg til å krympe meg - dei var så edgy at det meir enn grensa til krampaktig. Heikki. Benny som jentenamn. Grøss.

Eg fann skuledagbøker òg. Skrekk og gru, den som fann opp skuledagbøker hadde ikkje noko godt i sinne. Her kan ein skrive ting som ingen skulle sjå, liksom, og sidan eg hadde Pusurdagbøker vart eg på dei fleste sidene i boka oppmoda til å vere artig! Det var berre det som mangla, ei påminning om kor utruleg lam humor eg hadde. Ordet krampaktig har eg visst brukt før i dette stykket, men eg trur det må påførast i to lag i dag. Trøysta er at ein på Mine Venner-sidene kan sjå at alle på den alderen presterer meir eller mindre kleint på felta vidd, humor og skrivekunst. Det går mykje i "Adresse: JA!!!!" og "Telefon: SKA VELL DU DRITE I!!!!!!! Neida!" og "Interesser: DEJ! Neida!" akkompagnert av ei hilariøs teikning der det står "Bilde" som består av ein smilemunn med tunga ute og to ropeteikn som auge. Ah. To be young and to feel love's keen sting.

No har eg overlete ansvaret for desse brotsverka mot litteraturen og menneskeheita til Volda og Ørsta Reinhaldsverk. Håper dei som arbeider på gjenvinningssentralen har det for travelt til å setje seg inn i tekstane og at papiret snart kan plasserast på sin rette stad: pent rulla opp ved sidan av ei klosettskål.

 

Kommentarer  

 
0 # Sara-Lise 08-01-2014 17:05
E i alle fall ingen ting å utsette på humoren din i dag! Kjekt å lese bloggen din/dokka!:-) Og gratulerer me familieauken.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Eirik 09-01-2014 00:31
Hæ!! Har du PÆLMA slike klenodium? Hatar å seie det, men med dette blir jo skilnaden på deg og prinsesse Ragnhild enda mindre. Serri. At itj forældran grip inn.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Lars 09-01-2014 20:25
Så då reknar eg med at neste gong eg ser deg, Eirik, underheld du meg med dine åndsverk frå puberteten. Eg gler meg allereie! Tok forresten ikkje P. R.-referansen, men no er ikkje eg like stor grusame-kongelege-personar-connoisseur som du. I mellomtida tek eg det som ein kompliment.
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110101
Innlogging