Å halde på trua

Det er alltid ein viss avstand mellom det ein har tenkt seg på førehand og det ein faktisk møter når ein kjem fram. Dei som byrja fylgje med på denne bloggen for eit par år sidan hadde nok medvitne eller umedvitne forventningar, som til dømes "her kan eg fleire gongar i veka kose meg med vittige, velskrivne observasjonar frå eit ungt, velutdanna par i ein rural setting", eller "dette blir ein fin måte å halde kontakten med Hanne og Lars på".  Vel. Så feil kan ein altså ta, og no er det over ni månader sidan sist de har fått gleda av å lese om livet her i Annastova. Beklager det. Men me bur her framleis.

Mine eigne forventningar har òg fått seg ein reality check, for å seie det internasjonalt. Før eg flytta hit må eg nok innrømme, mest ovanfor meg sjølv, at eg hadde litt rosenraude tankar om korleis det skulle bli. Sjølv om eg absolutt visste ein god del om tilhøva her (og det burde eg jo sidan eg har budd her i 18 år før) er det vanskeleg å justere forventningane ned til eit nivå som er relativt stemt med røynda. For mange faktorar spelar inn. Vêr, eigen innsats, distraksjonar, pengar, og så bortetter. Eg seier ikkje at eg hadde sett for meg eit liv der sola alltid skein (vi bur jo på Sunnmøre) og marka alltid var fuktig, veldrenert og ugrasfri, der eg ikkje rota, der dyra ikkje vart sjuke, der eg kvar dag var opplagt og blid og hadde ein velfylt bankkonto, men det er faktisk vanskeleg for ein romantikar som meg å førebu seg på det motsette.

Ein drøymer seg ikkje bort med tankar om ein åker der skvallerkålen og høymola er det einaste som stikk opp av snøen midt i mai. Ein planlegg ikkje at telen skal stå 70 cm ned i jorda i slutten av april og at appelsintreet skal fryse i hel første vinteren. Ein skal ha ganske lite tru på seg sjølv for å ta høgde for at ein er pottesur og i praksis uverksam kvar einaste morgon fram til tolv og berre fungerer etter å ha drukke fire koppar kaffi og kasta bort masse tid på å sjå på Jenna Marbles på YouTube. Og det viser seg jammen at pengar ikkje veks på tre her heller, ein må bruke tid på å tene dei. Eple veks forøvrig ikkje på tre her lenger, heller. Sauene har ete dei opp. Trea.

Men slik er det altså. Eg sit og ser på snøen som dalar der vårsola skulle lokka fram musøyre på bjørka. Internett er ein like stor tidstjuv på landet som i byen, og vi har like mange TV-kanalar som kan lure meg til å tru at Kjolen som sier ja er akseptabel bruk av tida mi.

Men i møte med ei røynd som ikkje naudsynleg er ideell er det desto viktigare, både for deg og meg, å finne tilbake til utgangspunktet for vala ein har teke. Du må hugse at du las bloggen vår fordi du likar oss og/eller det vi har å seie, og at det er uvesentleg om det kjem nye innlegg kvar dag eller ein gong i året (berre så det er sagt, så satsar vi på ein mellomting). Eg må hugse at grunnen til at eg valde dette livet var at eg vil greie å forsørge meg sjølv og familien min på ein måte eg kan stå inne for, og at eg faktisk nærast religiøst trur at ei større grad av sjølvforsyning vil føre til eit betre liv for alle som prøver det. Så får dei som sluttar seg til andre tankesett gjere som dei vil. Kanskje ein i overkant altruistisk tanke, men: det fungerer sikkert fint for dei. Eg veit nemleg at eg, kvart år, sakte men sikkert, kjem nærmare det gode livet. Eg har trua på det valet eg har tatt. Ting går kanskje litt meir trått enn eg hadde sett for meg, men tyder det at eg tek feil?

Du synst kanskje dette innlegget er noko høgtsvevande, men det er faktisk berre ei svært utbrodert orsaking/forklaring på at Annastova har vore nede for telling så lenge. Eg har vore svak i trua, og ikkje vore nøgd med framskritta eg har gjort. Eg har no innsett at ting tek tid, og at det i utgangspunktet ikkje er noko å skamme seg over. Kanskje tek dei lenger tid for meg fordi eg er så lat og avhengig av unyttig Wikipediainformasjon og Netflix, men sånn er det no eingong. Kvar dag er ein ny sjanse til å kaste bort heile morgonen på Bones før ein går på jobb for å ha noko å betale internettrekninga med.

Meir utfyllande om det som har skjedd sidan sist kjem snart. Takk for at du held på trua!

 

Kommentarer  

 
0 # Lene 03-05-2013 13:58
Godt å høre fra dere igjen:) Eksamenstid her.. ja,man må ha trua:)
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Kristi 05-05-2013 17:52
Godt å lese. Og veldig sant. Hald på trua. Gjer no endeleg det.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Helene 05-05-2013 23:15
Jeg har trua, jeg! Gleder meg til neste innlegg! :)
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110123
Innlogging