Kongen er død, leve kongen

Vi har ikkje skrive så mykje om hanen vår, Carl Gustaf, etter at lesarane av Annastova gav han namnet sitt. Han har vist seg å vere ein svært tam hane, nesten litt for kjærleg i det han fýl etter oss heller enn å vere saman med dei andre hønene. Når ein arbeider til dømes i kjøkkenhagen har ein ikkje så lyst til å få hjelp av ein ivrig hane, for å seie det slik. Men ein tam hane er tusen gongar betre enn ein agressiv ein, og vi har sett stor pris på det fargerike dyret.

Men dei beste døyr unge. I dag tidleg når Hanne skulle sleppe ut hønene i finvêret var Carl Gustaf litt slapp. Etter litt overtaling gjekk han ut, men han la seg til i graset og var ikkje så interessert i verken dei andre, sola eller maten. Vi tok han inn og la han i eit eige bur, laga litt god mat til han og håpte det skulle betre seg utover dagen. Tilstanden betra seg ikkje ettersom vi sjekka utover dagen, og vi budde oss på at han kanskje ikkje kom til å klare seg. For om lag ein halv time sidan hadde han slutta å puste, og så var livet over for den flotte lesebokhanen vår. Uventa ankomst, uventa avgang.

Av og til er det ikkje berre kjekt å ha dyr. Ein blir på ein måte litt knytt til dei, sjølv om dei til sjuande og sist er nyttedyr, og når dei legg seg ned og daudar heilt utan vidare er det trasig. Vi har jo sagt farvel til kylling nummer seks, som døydde i påska, og kylling nummer sytten, som døydde andre natta han levde for eit par veker sidan, men det er annleis med kyllingar. Dei er liksom ein i mengda. Når eit vakse dyr avgår er det litt meir personleg.

Men vi har Hedemoraegg i rugemaskina, så forhåpentlegvis er det ein hane i eitt av dei som er like flott og kjekk som Carl Gustaf. Carl Gustaf vil likevel bli hugsa som det første store dyret som dauda frå den vesle familien i Annastova.

 

Kommentarer  

 
0 # Siri 03-07-2012 20:27
Kondolerer. Dette var trist.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Helene R 03-07-2012 21:32
Kondolerer! Jeg var så heldig å få treffe Carl Gustaf før han døde. En riktig stashane var han! Håper en av kyllingene kan ta opp arven etter ham på en bra måte :)
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # tante Grethe 05-07-2012 00:25
Det var trist. Og me som gledde oss til å helse på den i sommar.
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110109
Innlogging