Lars og dei gamle vindauga

Eg synst eg byrjar kvart innlegg her med ei utsegn om kor redd eg er for å bygge noko. No har det altså hendt, eg har traktert hammar og sag, og det har, bokstaveleg tala, bore frukt. Ikkje for dét, resultatet vart kanskje ikkje heilt profesjonelt utsjåande, men eg synst jo det har ein viss rustikk sjarm. Og endå viktigare: det vart bygd på godt klimamedvite vis av materialrestar og avlagde bygningsdelar. Eg har bygd meg eit drivhus.

Eg byrja så smått allereie i haust, nesten med ein gong vi flytta hit. Ei passande tomt vart funne, fin og sørvendt, inntil ein ledig vegg og rett utanfor døra. Deretter gròv eg ivrig av torva på den tolv kvadratmeter store flekken eg hadde valgt meg ut. Men så vart eg gripen av sterk byggeangst, og kom ikkje vidare. Kva skulle eg gjere vidare, korleis skulle eg fundamentere, kor høgt skulle det vere under taket? Vinteren kom og sette ein effektiv stoppar for vidare byggearbeid, angst eller ei. Og det var kanskje til det beste, for eg må seie at eg tvilar sterkt på at mitt antagelegvis svært fragile debutbyggverk ville stått gjennom Dagmar, og då ville alt vore til inga nytte.

For at eg skulle tvinge meg sjølv til å gjennomføre prosjektet sådde eg eit utal med tomatplanter i slutten av februar. Desse gjorde at eg i slutten av mars såg meg nøydd til å faktisk bygge eit hustil dei, tomatfrø er ikkje gratis og det er mykje påpassing og oppfølging med dei.

Eg konsulterte min far og vi vart samde om at eit pålefundament var det beste. Tilfeldigvis hadde han liggande nokre autovernstolpar som ville eigne seg ypperleg som pålar. Etter at dei var i jorda, stabile og i vinkel og vater, var det eg grudde meg mest til med byggearbeidet brått over. Og ein knapp månad etterpå var huset oppe.

Veggane er laga av sjølvsaga totomsfiretoms og dei gamle vindauga frå hovudhuset på garden. Kostnad: Ingenting. Taket var det litt verre med, eg turde ikkje å lage glastak, så eg krita meg nokre gjennomsiktige terrassetakplater av plast. Desse kosta eit par tusenlappar, men dei var lette å legge og verkar førebels svært lovande. Eg er ingen stor fan av plast, men av og til må ein vere pragmatisk og ikkje la seg styre altfor mykje av romatiske prinsipp om ein oljefri kvardag.

Då huset var oppe og relativt tett rundt veggane ordna vi ein jålemur. Eg kan ikkje lage tørrmur i det heile tatt, men med god hjelp av Mia Julie som var på besøk den helga la vi stein på stein rundt heile kanten for å tette sprekken mellom bakken og veggen og skjule pålane huset står på. Og det vart faktisk ganske fint! No var vi komne til midten av mai og drivhuset var innflyttingsklart. Nokre trillebårlass med tørrkompost frå sauefjøset i botnen og heimelaga kompostjord på toppen utgjorde senga som skulle bli heimen til mine seks sortar tomat og dei to agurkplantene som hadde overlevd mishandlinga innandørs.

Ein månad og litt til har gått sidan innflyttinga, og ting ser bra ut. Dei stakkars tomat- og agurkplantene mine fekk ikkje den beste starten på livet, men dei ser ut til å kome sterkare tilbake i det nye, varme og lyse huset sitt.

Golvet er hellelagt, og ei gammal baderomsinnreiing fungerer som djupseng for melon, drueagurk og salvie. I tillegg har paprikaen i potter fått flytte inn, og dei ti aspargesplantene bur her i påvente av å bli planta ut neste vår.

Tomatane skyt knoppar og blømer som berre det, og heile fire små grøne tomatar har manifestert seg den siste månaden. Nok til ein spaghettisaus for to! Sjølvforsynt som berre pokker.

Det spirer og gror i Nilsgarden, også på utsida. Ein koparkjele fungerer som sneglesikkert salatbed.

No håper vi berre at vi greier å halde ugraset nede og motet oppe, så har vi snart vårt første heilt eigenproduserte måltid på bordet! I kjøkkenhagen har reddikane, mainepene og rødbetane kome langt, medan bønnevikkene, ertene, sukkerertene og løkane spirer. Min jobb er å vente (det er eg ikkje så flink til) og å halde skvallerkålen nokonlunde i sjakk (det er veldig tidkrevjande). Men sjølv om det er mykje og til tider einsformig arbeid gir det ei heilt eiga kjensle av meistring når ein kjenner at ein blir litt mindre avhengig av det andre har laga. Full kontroll, det er stas!

 

Kommentarer  

 
+1 # Berit 24-06-2012 16:52
Mektig imponert, Lars! :) Har du noen tomat-tips, forresten? Har akkurat satt de 10 cm høye spirene ute på terrassen. Er det klatretau du har montert på de?
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Lars 24-06-2012 17:29
Hehe, ja, er det ikkje imponerande? Dei har klatretau festa i taket, men på terrassen vil ein bambuspinne eller liknande vere vel så bra. Tomatane treng minst ti liter næringsrik jord for å trivast. Små potter vil ikkje gi frukt, har eg lest. Elles skal eg vakte meg for å gi for mange tips, det kan jo hende avlinga feilar massivt. Men dei skal i følge litteraturen ha litt vatn, men heller litt for lite enn litt for mykje. Sideskota (dei som veks ut frå bladhjørna) må knipast kvar veke, med mindre du har busktomatar. Dessutan kan du godt knipe av vekstpunktet etter at dei har sett fire klasar med blomar. Det skal gi større avling og gjer at plantene ikkje blir så gigantiske. Dei kan jo bli godt over to meter.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Mia Julie 24-06-2012 20:02
Så fint det vart med heller inne! Hurra!
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Kristi 24-06-2012 22:47
Du imponerer, gode bror. Eg har vel alltid visst at du har hatt grøne fingrar, men må vedgå at eg har tvilt litt på tolmodet. Gratulerer med flott drivhus.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Hanne 24-06-2012 23:04
Du gløymde å skrive at avokadoen som me hadde med oss frå Trondheim også har flytta ut i drivhuset. Den får nok aldri fruktar på seg, men kan verte ein fin liten busk.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Sigurd 26-06-2012 22:29
Hurra for mat!

Men jeg tror du har glemt noe. Hvordan får du høstet tomater uten dør?
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110093
Innlogging