Gamle sanger om igjen

Då eg gjekk i barnehagen skilde eg meg frå dei andre borna i det at eg nekta å gå på do medan eg var der. Eg nekta så lenge at det til slutt vart eit helseproblem, fordi eg vart så tilstappa at eg ikkje kunne gå på do heime heller. Men det var ikkje berre negativt: fordelen med å ikkje bruke tida i barnehagen på dobesøk var at eg fekk god tid til å setje meg inn i stoffet vi vart presenterte for. Ein av songane vi lærte, sikkert rundt påsketider, fekk meg til å stusse. Vi sat antakelegvis i ring og song:

En liten kylling i egget lå
Banka og banka og banka på
"Her er så trangt, jeg vil ut og gå"
pep den, og ynket seg der den lå.

Hakk, hakkhakkhakk
Egget det sprakk
Og en liten kylling ut av det spratt!

Dette er det første minnet eg har av at eg reagerte på det vi i familien vår kallar "Kurt Agurk-rim". Denne nemninga har ein bakgrunn som eg kanskje kan kome inn på sidan ein gong, men det skildrar altså rim som ikkje heilt rimer. Eg greidde nok ikkje heilt å setje den vesle forstoppa fingeren min på det, men eg vart aldri fortruleg med dei to siste linjene i songen.

Uansett korleis vi lærte songen i min barnehage, mitt standpunkt i spratt/stakk-debatten og korleis eg reagerte på eventuelle litterære kvalitetar den gongen kan eg i dag avsløre at barnehageborn landet over blir servert ikkje anna enn reinspikka løgner om korleis kyllingar klekkjer. Det er alt anna enn hakk, hakkhakkhakk, egget det sprakk.

Eg har difor dikta ein meir naturfagleg korrekt versjon av songen, slik at borna kan lære korleis det eigentleg skjer.

En liten kylling i egget lå
Banka og banka og banka på
"Her er så trangt, jeg vil ut og gå"
pep den, og ynket seg der den lå.

Hakk, hakkhakkhakk
Egget fikk en bitte liten sprekk slik at lufttilførselen inne i egget ble bedre
Så tok det mange timer før kyllingen orket å gjøre mer
Kanskje sov den litt
Deretter begynte den sakte men sikkert å sage seg ut av egget med en kalkansamling den hadde på nebbet
Hele prosessen tok mange timer, kanskje nesten et døgn
Deretter nærmest veltet den seg ut
Ingen spretting eller stikking
Og den så ut som en våt og klissete dinosaurunge før den tørket
Det tok også mange timer

Fin? Eg ser at det trengst ein ny melodi på refrenget, men det burde vere lett å få til.

Poenget med dette innlegget er å informere om at den fyrste klekkinga i rugemaskina vår er i gang. Det er hòl i to egg! Eg skal no sitje pal med kaffikoppen framfor rugemaskina heilt til eg skal legge meg.

 

 

Kommentarer  

 
0 # Helene R 27-02-2012 20:31
Håhå! Spennende! Gleder meg til å se hvordan det går! :)
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Gunn 27-02-2012 20:41
Det er så bra!!! :D
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Øistein 13-03-2012 02:09
Spennende! Mitt bidrag til spratt/stakk-debatten rimer godt og er kanskje noe nærmere det naturfaglig korrekte enn den opprinnelige versjonen?

"hakk, hakkhakkhakk
egget det sprakk
og et lite HODE ut av det stakk"

Her må en ikke blande kortene, slik min lillebror gjorde da han stolt kom hjem fra barnehagen med:

"hakk, hakkhakkhakk
egget det sprakk
og et lite hode ut av det spratt"

Det ville eventuelt blitt naturfaglig prematurt.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Hanne 30-05-2012 13:51
Jeg fant andre vers:
Undrende stod den og gløttet på
alt det den ute i verden så.
Solen den varmet og skinte på
marken og fugler og blomster små.
Pip - pip -, den sa, jeg er så glad,
trangt det var i egget,
men her er det bra.
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110133
Innlogging