Helgafred

Trufaste lesarar (det er nokre etterkvart, det likar vi veldig godt!) synst kanskje vi er litt slappe på oppdateringsfronten, og det kan eg gi dei rett i, i alle fall skjønar eg at det kan sjå ut slik. No har det seg slik at det har ei heilt naturleg forklaring, nemleg at mykje av det vi gjer til dagleg knappast er interessant å lese om på ein blogg.

Hanne studerer på fulltid og har i tillegg vore vikarlærar to dagar i veka, medan eg har vore vikar på Coopen i større eller mindre grad sidan slutten av oktober, og ein del veker på fulltid. Dette, kombinert med at vinteren er høgsesong for at eg er sur og giddalaus og at det er lite ein kan gjere med gard og jord når det er lyst berre tre kvarter kvar dag, har gjort at det har blitt lite bloggmat dei siste månadane. Vi har tenkt å fortsette med denne bloggen, og vi har gode intensjonar om å fylgje han opp litt meir ettersom prosjekta her blir sett ut i livet. Eg kjem til å jobbe mindre på butikken utover våren og meir med gardsprøving og -feiling, som heilt sikkert blir komisk å lese om. Og moglegens (heiter det moglegens på nynorsk?) litt tragisk til tider.

Eg gjekk til dømes i førre innleg langt i å love å oppdatere om byggeprosjekta i løpet av helga. Laurdag hadde eg nemleg fri, og eg skulle lage hønsehus. Det vil seie vinterhus til hønene av ein geitebinge vi har frå før i fjøset. Mamma ville nok grøssa ved tanken på at eg skulle legge ut eit bilete frå fjøset, så eg skal ikkje gjere det før eg er heilt ferdig med konstruksjonen og har fått sjaina litt opp der, slik at Internett ikkje skal tru at vi som bur her er Ekstreme Samlere.

Sjølve bingen er om lag 150 cm brei og tre meter lang, og står omtrent 40 cm over golvet. Golvet er av slik netting som saue- og geitefjøs ofte har på golvet, slik at gjødselen enkelt kan fjernast ved å måke frå under bingen. Ikkje heilt ideelt for høner, men det får duge ei stund. Veggane er av revenetting, og bortsett frå at eg har fjerna eit par panel med netting som var øydelagt skal bingen få stå om lag som han er. Dei øydelangde nettingpanela erstattast av plater frå eit gammalt garderobeskap, og som verpekasse har eg funne ein åttitalsskjenk vi har ståande hvis underskap har perfekte mål for formålet. Gjenbruk for alle penga (det vil seie ingen pengar). Resultatet blir rett så bra ser det ut til, men eg vart ikkje heilt ferdig fordi åttitalsskjenken strengt tatt tilhøyrer boet etter bestemor mi. Difor avventar eg godkjenning frå alle arvingane før eg forsyner meg. Ingen skal kome og seie at eg ikkje er ein omsynsfull mann.

Men eit lite opphald i eitt prosjekt tyder berre at ein kan byrje på eit nytt. Jobben på Coop har gjort at eg har blitt kjend med alle i bygda, og det er jo velsigna greitt. Slik får ein òg vite om ein del nyttig og unyttig, og her om dagen kom ein av naboane mine bort til meg på butikken og spurde om eg ville ha ein andrik som han hadde til overs. Eg drog litt på det, sidan eg ikkje har nokon god stad å ha han enno, men laurdag heiv eg meg rundt og byrja på eit lite andehus. Eg nytta ein pall og fleire plater frå garderobeskapet eg kasta ut for nokre veker sidan, samt nokre stakittplankar, og resultatet vart eit svært beskjedent, men etter mi meining artig lite andehus. Eg vart sjølvsagt ikkje ferdig med dette heller, det manglar tak og ein vegg enno, men eg oppdaga til stor glede at sjølv om er heilt legendarisk dårleg med hammar og spikar så greier eg å pusle saman noko som ikkje er heilt halvgale, sjølv utan ein detaljert plan. Eg kosa meg storleg der eg sat på låvegolvet og prøvde og feila og benda spikar en masse, men eg er glad for at det ikkje vart til dømes dokumentert på film. Eg er såpass sårbar og forfengeleg med tanke på byggekunstane mine enno at eg ikkje tør å legge ut bilete av byggverket før eg har fått gjort dei naudsynte kosmetiske operasjonane på det, så de får greie dykk utan bilete enn så lenge.

Så no er stoda slik at kyllingane nesten har hus, og andriken nesten har hus, og alt eg treng er ein fridag eller to til og nokre ho-ender. Ei god helg!

 

 

Kommentarer  

 
+1 # Helene R 13-02-2012 03:01
Gleder meg til å se bilder av de ferdige husene! Det blir nok noen svært fornlyde fugler, vil jeg tro!
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Martin Eikeset Koren 13-02-2012 13:43
Nå synes eg du skal lage en liten demning i elva - over kverna. Det blir en fin andedam (husk John Seymours ord om andhold), og et fint magasin til du resteurerer kverna(!) og maler ditt eget mel. I tilfelle du hadde litt for få planer fra før...
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110115
Innlogging