37,5 (eller Prosjekt: Hønsehus, del II)

Trufaste lesarar av Annastova har kanskje fått med seg at eg har eit særleg hjarte for fjørkre, og eitt av dei mest bestemte måla mine for livet her på garden var at eg skulle ha høner som kunne produsere egg og kjøt. Ein bonus er at dei er svært underhaldane skapningar. Eg har tidlegare skrive om dei blanda kjenslene eg har for det å bygge, og denne milde forbien har vist seg å vere vanskeleg å kome over - eg likar godt å lage ting, men eg hatar å ikkje få til det eg vil. Difor er det vanskeleg for meg å byrje med dette tidlegare omtalte hønsehuset (verdas minste fiolinar spelar i bakgrunnen), fordi fallhøgda er så stor. Den beste måten å få meg til å gjere noko slikt på er reint skjært naudsyn. Difor har vi no gått til innkjøp av ei Brinsea Mini rugemaskin og ti rugeegg, i god tru på at når hønsa kjem vil pliktkjensla drive meg til å ha huset klart. Eg er jo ikkje dyreplagar heller.

Planane for hønsehaldet er sjølvsagt mangeslunkne. Den overordna planen er å skaffe Hedemorahøner og drive avl på dei. Denne rasen er svært velegna for den type drift eg ser for meg og dessutan ein viktig del av nordisk kulturarv, men dessverre vanskelig å skaffe i Noreg. Det betyr ikkje at eg gir opp, men sidan eg vil ha høner snarast mogleg er eg villig til å byrje med noko mindre sjeldan.

Ein annan plan er å skaffe nokre Plymouth Rock, og dette er litt lettare. Genbanken på Hvam sel rugeegg av denne rasen, også til hobbybrukarar som meg, men sidan Hvam er i Akershus kan eg ikkje akkurat berre stikke innom og hente, og det er litt vanskeleg å få svar frå dei på e-post for å avtale fraktmåte, så no har eg utnytta ein av dei største fordelane med å bu grisgrendt: Godt naboskap.

Naboen vår heiter Per og bur i nabogarden Pergarden saman med kona og den vesle dottera si. Han er minst like oppteken av hønsehald som det eg er og har eit rikhaldig hønsehus. Eg fortalde om planane mine og at kommunikasjonen til Hvam gjekk trått, og til alt hell kunne han fortelje at han hadde rugeegg til sals. Egga var av Brahma-miks, det vil seie Brahmafar og mødre frå andre raser, og sjølv om det ikkje var blandingsrase eg hadde planlagt skulle det ikkje gå mange timane før eg bestemte meg for å slå til. Mykje fordi eg er utålmodig, men òg fordi eg innser at raseavl er meir komplisert enn eg hadde forestilt meg og at det difor kan vere greitt å børste støv av dei grunnleggande kunnskapane om høns før eg set i gang med meir kompliserte prosessar.

Så klokka halv ni i går kveld gjekk eg og Hanne dei hundre metrane over marka til Pergarden. Der fekk vi sjå Per sitt første kyllingkull i år, ei svært sjarmerande samling nøste som ikkje akkurat verka avskrekkande på oss, og vi fekk dessutan kikke på dei vaksne hønene. Men det viktigaste: Han fann fram ti egg til den nye rugemaskina vår! Så i går kveld om lag klokka halv ti la vi inn dei første ni egga (det var akkurat ikkje plass til ti...) i vårt nye vidunder. Der skal dei ligge på 37,5 grader i tre veker. Terminen er om 20 dagar, og eg går berre og trippar allereie. Det er så spanande at eg blir som ein unge.

Det første nervepirrande skjer allereie neste tirsdag. Då er egga klare til å lysast, det vil seie at vi lyser gjennom skalet med ei lykt for å sjå om dei er frødde eller ikkje. Eit kyllingembryo vil då vere synleg som ein liten flekk med blodårer som går utover i egget. Vi håper sjølvsagt at dei fleste av egga klekker, men det luraste er vel å halde seg meir på den pessimistiske sida. Ofte er svært mange av egga ufrødde eller døyr tidleg i ruginga. Eg er nøgd med 33% klekking, men satsar likevel på 66%! Følg med vidare når eg i helga skal fikse vinterhus til hønene i fjøset og om ei veke når resultatet etter lysinga er klar!

 

Kommentarer  

 
+1 # Helene R 09-02-2012 03:21
Så spennende! Og hun eggepasseren på nederste bildet er en smule søt ;) Dere må forresten passe på å holde kattene unna! (Sinus har tatt fugl før, foråsiesånn)
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Hanne 24-02-2012 17:17
Vi skal nok passe på, Helene. Kattene skal være ute noen uker nå, for å si det sånn ;) Sinus er en sleip luring, men han kan heldigvis ikke å låse opp dører - ennå.
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 109937
Innlogging