Til ein sidemålslærar

Kjære Ruth!

Eg er så glad for at du lærde oss så god nynorsk! Nynorsk er sånt eit vakkert og rikt språk, det kling så fint, så fint, både i dikt og i song. Du merka det sikkert ikkje då, eg trur ikkje alltid me var så snille med deg, men eg er deg så uendeleg takksam for den lærdomen eg fekk. Du viste aldri med så mykje som eit lite blunk at du ikkje trudde fullt og heilt på at opplæringa me fekk i sidemålet var akkurat like viktig som arbeidet med hovudmålet, difor måtte me vel berre gje oss til slutt. Ikkje for det, det skorta nok ikkje på argument som «Me får aldri bruk for det!» eller «Det er for vanskeleg å lære seg to typar norsk, me blandar dei berre i hop!» -  men jammen tok me feil!

Viss eg skal ta det siste fyrst, er eg overtydd om at det er ein retteleg skivebom, som for øvrig eit visst departement er i ferd med å gjenta. Ingen forsking tyder på at å lære både nynorsk og bokmål er til hinder for nordmenn sin språkkunnskap, tvert i mot: det er gong på gong vist at di fleire språk ein lærer, di flinkare vert ein i morsmålet sitt. Med andre ord: Dess fleire språk, dess betre! Det er vel ingen grunn til at dette ikkje skal gjelde for sidemål og bokmål, og heller ikkje for elevar med innvandrarbakgrunn, som eg ser det vert trekt fram.
Og når det gjeld å få bruk for nynorsken: Ein veit det ikkje når ein går på ungdomsskulen, men ein får bruk for det seinare, og her har eg empiri å vise til. Eg sa vel også til deg at eg ikkje kom til å få bruk for det, og så var det kanskje nokon som sa at ein trengte det til dømes viss ein skulle bu eller jobbe på Vestlandet, og i alle fall viss ein skulle ha jobb i det offentlege. Då svarte jo sjølvsagt eg at eg aldri skulle bu på Vestlandet, kva skulle eg der, liksom? Og dessutan skulle eg ikkje jobbe i kommune eller stat akkurat, eg hadde jo tenkt å tene pengar. Lite visste eg då at mannen i mitt liv var ein odelsgut frå Sunnmøre, og at mitt framtidige yrke var læraryrket, nett som deg, Ruth! Og du veit nok heilt sikkert at ein ikkje kan undervise elevane på bokmål i ein nynorskkommune, dei har rett på undervisning på hovudmålet sitt. Så no sit eg her og er så glad, så glad fordi eg kan nynorsk og kjenner meg trygg på å skrive det.

Det har vore så mykje snakk om sidemålsundervisninga i det siste, Ruth, for ministeren vil fjerne karakteren. Hugsar du kva eg fekk i sidemål? Det gjer eg. Det var den fyrste seksaren eg fekk, i åttandeklassen. Var du litt modig som gav meg ein seksar? Mange lærarar held att seksaren til tiandeklassen. For meg var den seksaren ei gledeleg overrasking og ei oppmuntring til å arbeide vidare med nynorsken, og dessutan ei verdifull gåve. Det var den fyrste seksaren eg fekk, men då eg gjekk ut frå ungdomsskulen hadde eg mange, eg satsa berre hardare då eg såg at det var mogleg. Og det var du som viste meg det, Ruth, gjennom karakteren i sidemål. Eg håpar du og kollegene dine seier i frå til departementet de jobbar for, fortel dei kor viktig den karakteren er for tidlegare, noverande og framtidige elevar. For meg er den fortsatt eit godt minne, ei hemmeleg stoltheit og eit symbol på verdifull dugleik som eg dagleg dreg nytte av.
Beste helsing Hanne Drabløs,
elev ved Hoeggen ungdomsskole 1998-2001

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110117
Innlogging