Bygdakveld

Underhaldningstilbodet på bygda er mindre enn i byen, det er ikkje til å stikke under stol. Her i Ulvestadbygda er det ingen kino, ingen kafear i vanleg forstand, ingen teater eller andre forlystingsinstitusjonar. For oss som til august budde rett over gata frå Prinsen kino og med Studentersamfundet, To Tårn, Ni Muser, Trøndelag Teater og Trondheim Torg innan fem minutts gangradius er det ein overgang, vi treng ikkje late som noko anna. Men når vi flytta til ein så liten stad visste vi jo kva vi gjekk til, så saknet etter eit kinobesøk er ikkje tyngre å bere enn at det går over med ein god (eller, viss Hanne har lasta ned: ekstremt dårleg Golden Raspberry-kandidat eller -vinnar) nedlasta film og litt mikropop.

Dette tyder ikkje at bygdafolket ikkje er i stand til å stelle til underhaldning for seg sjølve frå tid til annan. Dette manifesterer seg mellom anna i den såkalla Bygdakvelden, eit årvisst arrangement for heile familien. Den vesle bygda vår med berre nokre få hundre innbyggjarar held liv i eit mannskor (Dalsfjord Mannskor), eit damekor (Erlene), eit korps (Lauvstad skulekorps, som for øvrig ikkje er berre for skuleborn) og ei nokså nystarta trekkspelgruppe (Ivar og jarlane), og i går kveld var så godt som heile bygda samla på grendahuset Vesttun for å høyre på desse aktørane og innta kaffimat saman.

Det høyrest ikkje akkurat hipt ut, å høyre på korps, trekkspel og kor medan ein et kakemat saman med gamalt folk og ungar, men det er det! Eg vil gå så langt som å seie at det er framtida. Det er for lite samkvem generasjonane mellom i dag, og det trur eg er unaturleg. Engelskmennene seier at ingen mann er ei øy og at det krevst ein landsby for å oppdra eit barn, og sjølv om eg av og til kjenner meg ganske langt frå fastlandet trur eg det er noko i begge ordtøka.

Vi kjem begge frå prestisjetunge kormiljø og er i overkant korinteresserte, men det er noko eige å sjå og høyre at ei lita bygd kan framprodusere så mange musikklag med eit så høgt nivå - for rekrutteringsgrunnlaget er ikkje så stort. Sjølv om vi begge har høyrt meir avanserte kor er det noko med eit bra bygdakor - det illustrerer engasjementet og, for å bruke eit noko forslitt uttrykk, musikkgleda på staden. Og Ulvestadbygda, som har hatt eit litt røft år politisk sett, har eit korps og to kor i sterk vekst, ei nystarta trekkspelgruppe som samlar medlemmer frå barneskulealder til langt over pensjonsalder, og er på ingen måte eit døyande samfunn.

Vi går heile barne- og ungdomstida på skule saman med jamnaldrande, deretter går vi inn i arbeidslivet saman med andre vaksne, og når vi blir gamle er vi anten saman med andre gamle eller åleine. Eg trur ikkje dette er måten å leve på. Tenk alt ein kunne lære av kvarandre dersom ein hadde litt meir hopehav! Ikkje heile tida, kanskje, men bygdakvelden er eit godt eksempel på at ung og gamal kan vere i same rom og likevel ha det triveleg. Eit sunnheitsteikn for ein liten stad, og veldig artig å få vere med på igjen.

Eg vil gratulere oss i Ulvestadbygda med ein flott bygdakveld, og Hanne med sin aller fyrste åregevinst. Og i kveld skal me sjå film.

 

 

Kommentarer  

 
+1 # Molvik-Eva 29-01-2012 23:27
Håddu kor flott blogg! Kjekt å fylje livet i Annastova, å veldig kjekt å ha slike gode bygdafolk. Oppriktig glad for at de bur her!
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Siri Drabløs 30-01-2012 00:08
Åh, det er bygda si, det!
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Helene R 30-01-2012 02:42
Så kjekt! Hørtes virkelig koselig ut, altså! Gleder meg til å lese hver gang jeg ser at dere har skrevet et nytt innlegg!
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Ingeborg W 30-01-2012 08:39
Du og du, no gler eg meg endå meir til eg skal heim på basar i februar :D
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Tante Grethe 30-01-2012 09:38
No lengtar eg Heim. Mange år sidan eg har vore på basar/bygdekveld med åresalg. Håpar det kunne klaffe ein gong eg er på heimlege trakter.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+1 # Kristi 30-01-2012 18:56
Kjenner heimlengten når eg les slikt. Så er eg glad for at de synest bygdekveld er hipt. Eg er sjølvsagt einig:)
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
+2 # Ragnhild 31-01-2012 00:12
Hei dere to! Artig å lese om livet på bygda-høres staselig ut! De har iallefall flaks med innflytterne! Klem
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110112
Innlogging