Hanne

HanneHanne har budd i Trondheim heile livet, heilt sidan 1985. Å kalle henne veldig urban er kanskje ei overdriving, Nardo er ikkje akkurat metropolitansk, men ho har likevel vald å ta sjansen på å flytte frå den kjære byen sin og bli med til Annastova - og bra er det. I motsetning til meg, som har budd på landsbygda før, går Hanne i mykje større grad mot ukjent terreng, og det er modig og tøft gjort. Eg reknar med ho vil fortelje litt om korleis det går i denne overgangen sjølv, og eg trur det blir spanande å lese. Det er i alle fall spanande å vere med på!

Hanne er utdanna musikkvitar og dirigent frå NTNU og har òg bakgrunn frå geologi og matematikk. Ho vil gjerne bli lærar når ho blir stor, eller aller helst dirigent. Ho vil ikkje bli kokk. Hanne er ein av Noregs dårlegaste på kjøkkenet, det er faktisk ikkje tull. Ho har ein femmar i heimkunnskap frå ungdomsskulen, men kan likevel verken å koke ris eller egg, eller å skjære brød, for den del. Ho er òg ute av stand til å lære seg dette. Men ho kan faktisk lage ein veldig god tomatsaus, og det kjem ein langt med.

Ho er begeistra for dyr, spesielt katten vår, Mossa, som ho behandlar som eit menneskebarn. Og sjølv om ho elles er eit svært intelligent menneske som (i motsetning til meg) gjerne diskuterar politikk, religion og andre tyngre spørsmål, ser ho aller helst på såpeseriar når ho skal sjå på TV. Men aller helst vil ho høyre på radio, og då det vere P2. Derso nokon lurer på noko om P2 veit Hanne det, ho kan sendeplanen for heile veka, namnet på alle programpostane og alle programleiarane. Det er berre å spørje.

Ho er ein racer med strikkepinnane når ho har dilla på det, og er så husleg og ryddig at det (nesten) veg opp for dei manglande matlagingsevnene.

Som person er Hanne høgrøysta og ikkje redd for å fortelje korleis ho ser på sakene. Ho tullar ofte og med høgt volum og har ingenting imot å vere i sentrum. Men ho set òg stor pris på å vere åleine og sysle for seg sjølv. Når ho, som ho seier, har "ting i kø" tyder det at ho har lagt ein lang og detaljert plan med ting ho skal gjere, og då er det best å berre la henne halde på til køen er ferdig. Men tru ikkje av den grunn at Hanne er ein lineær person som likar å gjere ein ting om gongen, åneinei, helst minst tre ting om gongen. Til dømes kan ho pusse tenner, vaske opp og henge opp kle samstundes som ho snakkar i telefon med relativt stor suksess.

Eg vonar det ikkje blir "Trånhjæm Trånhjæm, at æ reist i fra dæ" når Hanne til hausten blir med meg sørover for å prøve gardslivets gleder, heller at Åges smektande Trondheimsviser blir erstatta av "Å Dalsfjord, bygdi kjære" i løpet av kort tid.

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110096
Innlogging