Lars og svisketreet

Eg likar ikkje svisker, altså. Faktisk har eg store problem med å få dei ned. Dei er som store, plommesmakande rosiner. Men det er ikkje det eg skal glede dykk med i dag, for det er nemleg den illustrerte historia om Lars og svisketreet. Følg med.

sommarfugl

Nok ein solskinsdag grydde over Nilsgarden. Det må ha vore den andre eller tredje på berre fem månader. Eg er ute i hagen og vurderer stoda. Epla er ikkje mogne enno. Pærene har kråka ete opp, til mi store sorg. Ripsen er berre ikkje appetitteleg lenger. Men plommer, det har vi.

Eg er ikkje nokon stor plommefanatikar, og har aldri vore det. Men markens grøde er no eingong grøde, og ein kan i det minste safte eller setje vin av slikt som ikkje er så godt å ete. Så var planen altså å redde nokre plommer medan vêret var fint.

"Du som er så glad i å lage mat", seier far min, "du må jo sjå kor frodig svisketreet er i år". Eg har ikkje fått med meg at vi har eit svisketre. Far min viser meg. Plommetreet han meiner står ved paviljongen. Eg har sjølvsagt sett det før og veit godt at det står der, men eg kan ikkje hugse å ha sett noko anna enn nokre sjukelege, inntørka plommer der og har for mange år sidan avskrive treet som for gammalt og sjukt til å bry seg med.

d'agen

Men far min har ganske rett, det er fullt av små, avlange plommer i dei vakraste lillatonar. Sorten ser ut til å vere d'Agen, ypperleg til tørking. Men kvifor skal eg lage svisker, det som smakar så vondt?

Eg spør kona mi, og heldigvis er svisker på den korte lista over ting ho likar. Flaks, for eg har sjølvsagt kjempelyst til å prøve å lage svisker, det høyrest fascinerande ut. Så set eg i gang. Og Mossa hjelper til.

 

Mossa

Plommene er mogne og fine, men etter ein mildt sagt fuktig sommar er mange av dei sprukne, stygge og rotne. Etter om lag ei halv bøtte med fine plommer og minst like mange øydelagde på bakken slår signaturreaksjonen min, å bli lei, inn. Kor mykje plommer gidd eg tørke, tenker eg. Og kor mykje svisker brukar vi på eitt år?

Sett frå eit sjølvbergingsperspektiv er dette det mest effektive eg har gjort, tenker eg nøgd. Ein liten halvtime med plukking, og vi er fullstendig sjølvsforsynte med svisker fram til neste haust. I skuleåret 10/11 brukte vi nøyaktig to posar med svisker. Fem-seks liter plommer burde halde til litt meir enn det.

Med dette i bakhovudet går eg inn og legg plommene på bakepapir på steikebrett. Det blir fire fulle brett, og det er eigentleg heilt perfekt, for omnen har plass til berre fire brett, og vi har berre fire brett. Vi har dessutan berre nok bakepapir til fire brett. Eg rosar meg sjølv for å ha gjeve opp i tide.

Det tek berre cirka 20 timar på femti grader varmluft med døra på lèr. Internett tilrådde fire til seks veker under glas i sola, men eg vurderte situasjonen dithen at fire til seks veker med sol ikkje var veldig sannsynleg. Difor elektrisk tørking. Huset vart fylt av den herlegaste, søte lukt du kan tenke deg, og resultatet vart jammen ikkje verst! Dei ferdige sviskene likna kanskje litt meir på dadlar enn eg hadde trudd, men det gjer ingen ting!

 

svisker

Fem og ein halv liter plommer blir forresten til om lag to liter svisker. Smaken? Eg synst dei var kjempevonde. Hanne vurderte skalet til å vere "annleis" og smaken syrlegare enn kjøpesvisker, men at dei var gode. Mor mi tykte òg dei var syrlege og gode. Alt i alt ein stor suksess.

Karakter:

Sjølvforsyning: 10/10
Smak: 7/10 (etter utsegnene frå kritikarane)
Utsjånad: 7/10
Ville råvarene gått til spille utan at dette vart gjort? 9/10 (1 er heilt sikkert ikkje, 10 er heilt sikkert)

Totalt: 8/10

 

 

Kommentarer  

 
-2 # Richard 14-09-2011 00:01
Det gjelder å berge seg i tide.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # CHrister 26-04-2018 10:58
JA! Det er bra!
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 109938
Innlogging