Prosjekt: Hønsehus. Del I

Det er så mangt eg ikkje er, det er så ein reint kan bli sveitt. Mellom anna arkitekt og bygningsmann. Likevel har eg ei kjensle av at ein god småbrukar må kunne fungere som både det eine og det andre, etter å ha observert eitt og hitt gjennom oppveksten.

Draumen om å bli arkitekt har eg jo vore innom nokre gongar, men eg har funne meg til rette med at slik vart det ikkje i dette livet. I grunnen føler eg meg ganske komfortabel med å overlate denslags til andre som har større tålmod og ambisjonar og eit meir innovativt sinn, så kan eg lene meg tilbake og beundre det dei lagar.

Eg kan knapt slå i ein spikar. Ei fjern og relativt uengasjerande sløydundervisning er alt eg kan vise til, og den vesle kompetansen eg tilegna meg der var innan sandpapirets kunst. Så det er ingen tvil om at eg må lære meg nokre nye triks, eg må kunne bygge noko. Helst må eg kunne bygge det eg vil.

Den gong far min kom til gards, 23 år gammal og nygift, byrja han med å bygge seg hus. Eller, han bygde på den vesle Annastova som den gongen var ei svært lita tømmerstove, laga underetasje og loft og gjorde det til ein familiebustad. Så var det gjort. Eg trur ikkje eg har sjølvtillit nok til å setje i gang med å bygge noko som eg blir nøydd til å bu i sjølv med ein gong. Eg må øve litt.

Høner er ikkje oppsiktsvekkande intelligente skapningar. Dei er kanskje ikkje så dumme som mange skal ha det til, dei kan omlag 20 hønseord, har eit strengt rangordningssystem og visstnok god stadssans. Men den estetiske sansen deira er ikkje spesielt utvikla etter det eg har høyrt. Og dei har ikkje eit godt auge for detaljar. Dei bokstaveleg talt drit i det. Derfor har eg bestemt meg for at mitt første prosjekt skal vere eit hønsehus.

Sjølv om hønene ikkje bryr seg vidare om korleis dei bur, så lenge reven blir halde på rimeleg avstand og fjøra er tørre når dei vaknar om morgonen tyder det ikkje at eg ikkje bryr meg. Ikkje berre skal dette hønsehuset rettferdig- og klargjere mi vidare byggekarrière, det skal befinne seg relativt nærme huset mitt, godt innanfor synsrekkevidde. Det vil seie at det må ta seg ut (så lagt det let seg gjere), men det viktigaste av alt er at det må tòle ein støyt. Tenk kor pinleg viss det rasar saman til spott og spe.

Her i Kongsgårdsgata er det ikkje så mange høve til å øve seg på å bygge, så førebels må eg nøye meg med å 1) leike fjørfêarkitekt og 2) lese meg opp på konstruksjonslære. Det første punktet er lett, eg har sjølvsagt tusen idear og til og med nokre skisser. Problemet her blir å finne ei løysning som er tilfredsstillande hygienisk og lett å halde rein samtidig som den bygningstekniske utfordringa ikkje blir for stor. Det andre punktet er òg ganske greitt, men det er litt vanskelig å hugse alle teknikkane utan å kunne prøve dei i praksis. Løysinga på dette blir vel å ha ein slags open-bok-eksamen når eg skal prøve meg, så satsar vi på at noko av lesestoffet har festa seg.

Kvifor høns? Jo: Høner er eit fint bruksdyr som krev lite plass og gjev (nesten-)dagleg avkastning i form av egg. Nam! I tillegg ét dei hushaldningsavfall og gjer noko av det til nitrogenrik gjødsel og noko av det om til dei tidligare nemnde hyppig leverte egga, og resten lagrar dei til ein seinare frikassé (ikkje eitt vondt ord om denne retten, som er svært delikat viss ein lagar han på skikkeleg vis, mykje meir smaksrik enn kylling og, viss ein kokar lenge nok, like mør!) . Høner krever lite vedlikehald og plass, er enkle å formeire og artige å sjå på. Hønekyllingar blir til nye høner og hanekyllingar blir gode broilerar. Det einaste aberet med høns er at dei sparkar opp alt dei kjem i nærleiken av og gjerne ét vekster du hadde tenkt å ete sjølv.

Do not let the chickens near the garden or you will rue the day.
John Seymour, småbrukarguru

Dessutan har dei dovanar som kan øydelegge einkvar barfot tur på plenen. Desse problema let seg løyse med eit solid gjerde, som sjølvsagt allereie er inkorporert i alle dei talrike planløysingane i hovudet mitt.

Følg med på bloggen vidare for innsyn i planene (og etterkvart realiseringa av desse) til ein svært utrent hysbyggar!

 

Kommentarer  

 
+1 # Martin 17-02-2011 22:30
Jeg venter spent på arbeidstegninge r... Jeg kan forøvrig anbefale høne i leirgryte og ris.
Svar | Svar med sitat | Siter
 
 
0 # Sigurd Hannaas 22-02-2011 15:12
Kåkkåvæ er jo også en herlig klassiker, som faktisk går an å få råd til hvis man produserer vinen selv. Jeg har brukt dårlig vin fra ekstrakt-sett med stort hell.

En annen blogg jeg følger har også skrevet litt om hønsehold. Der er kanskje noen tips og erfaringer å plukke opp på veien, for eksempel: "Italieneren var i overkant nysgjerrig og forsvant stadig over gjerdene. Selv om dette var en egglegger av rang, og selv om mannens stadige jakt etter den hvite, dumme høna var et festlig syn, ble vi nødt til å foreta oss noe. Hun ble derfor til kraft."
http://kjoekkentjeneste.blogspot.com/search/label/Hønelivet
Svar | Svar med sitat | Siter
 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 106637
Innlogging