Kven gjer kva?

Forlovarar

Bruda sin forlovar heiter Marièl Eikeset Mundal. Ho er 23 år og fra Sandane, snart master i musikkvitskap og dessutan sjølv forlova. Marièl er ei grepa dame med talent for mellom anna saum, matlaging og orgelspel, ho likar å dyrke ting, syngje i kor og å vere effektiv. Det må òg nemnast at ho dirigerar Samfundetkoret Candiss, er med i Syfore[i]ninga NydeligFin og syng i Kammerkoret Aurum.
Marièl og eg byrja i 2006 tilfeldigvis på NTNUI Karate og i Nidaros domkor same veke i begge foreiningar (!) (og dessutan kort tid etter i Kammerkoret Aurum), vart fort gode vener og har hengd i hop sidan. Det er ikkje utenkjeleg at Marièl hadde ein finger eller to med i spelet då Lars og eg møttes og heller ikkje langs vegen derifrå fram mot dagen me vart eit par. Ho og forloveden hennar Martin er ofte å sjå i lag med oss.

De kan kontakte Marièl om utdrikkingslag og andre forlovarrelaterte ting på marielmundal[a]gmail.com

Brudgommen sin forlovar er Eirik Mundhjeld. Eirik er 29 år og kjem frå Bøverdalen i Lom. Han er bokhandlar og studerar musikkvitskap. Eirik er endå betre enn Lars i quiz og kunnskapsspel, noko som fortel oss at han er ein kar med stor kunnskap og kløkt. Han er dessutan glad i korsong, og i tillegg til å syngje sjølv dirigerar han i dag UKEkoret Pirum. Ein morosam motpol til bruda sin forlovar, med andre ord.
Eirik og Lars vart kjende med kvarandre då Lars byrja i Trondhjem Studentersangforening (TSS) i 2005, og sidan har dei sunge saman både der og i Kammerkoret Aurum og Knauskoret. Dei har òg vore på quizlag saman og deler interessen for å hugse uviktige fakta og vere oppe seint om kvelden.
Eirik var medskuldig i spleisinga av oss, og me er både han og Marièl stor takk skuldige.

De kan kontakte Eirik om forlovarrelaterte ting på schmeirik[a]gmail.com.

Kjøkemeistrane

Me har delt kjøkemeisteransvaret i to. Under middagen er det Silje Mathillas Røsvik som fører ordet. Silje er 24 år, kjem frå Tromsø og studerer industriell design ved NTNU. Silje er blid, morosam og eit riktig arbeidsjarn. Ho er flink til å spele skodespel og lurer deg gjerne trill rundt, så pass opp!
Silje er aktiv i Syfore[i]ninga NydeligFin og syng i Trondhjems Kvinnelige Studentersangforening (TKS). Ho og eg byrja samstundes i TKS i 2007, eg og Lars vart godt kjende med Silje og sambuaren hennar Henrik gjennom Knauskoret dei neste åra, og me har mykje dei same venene. Silje overtydde alle som leiar av Knauskoret i 2009, og me er trygge på at ho vil lose brudepar og gjestar heilskinna gjennom middagen.

Taler, songar og innslag til middagen meldes til Silje på siljemr[a]gmail.com.

 

Hans Anders Skjeldrum Elgvang tar over under kaffien. Hans Anders er 30 år, kjem frå Drammen og har ei mastergrad i sosiologi. Han jobbar i Politiet, er medlem i Syfore[i]ninga NydeligFin og syng i TSS. Han kan verke sarkastisk, men er eigentleg ein glad spelemann som gjerne dansar med deg, dessutan kan han alt om musikalar. Og då meinar eg alt. Hans Anders og Lars vart kjende gjennom TSS, og sidan gjekk han og eg i Knauskoret saman i tre år. Me speler gjerne spel og drikk kaffi saman med Hans Anders, men UNO vil han ikkje spele (han taper berre).
Sjølv om Hans Anders ikkje behersker kortspel med sære reglar har han tidlegare vist seg å vere ein god organisator av spas og moro, så at han er godt skikka til å ta over staffetpinnen etter Silje er me ikkje i tvil om.

Taler, songar og innslag til kaffien meldes til Hans Anders på dvarg1[a]hotmail.com.

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110525
Innlogging