When You Wish Upon...

"Immoderate desire is the mark of a child, not a man."
Democritus

Vi skriv ynskjeliste for tida. Joda, det er lenge til bryllaupet enno, men oppi all planlegginga er det eit koseleg lite avbrekk, fordi det ikkje kostar oss noko, verken no eller seinare. Eg, til dømes, har gledd meg til å skrive ynskjeliste, og likar å tenke på at vi får gåver når vi giftar oss.

Ja, eg innser jo at det ikkje er spesielt sympatisk av meg. Tillat meg å understreke at eg slett ikkje gifter meg på grunn av gåvene! Det er ikkje fordi eg er så grådig og/eller eigesjuk at eg likar å skrive ynskjeliste, for det er eg verkeleg ikkje (trur eg). Eg synst berre det er koseleg. Vi sit der og er eit par som må finne ei rekke objekt som begge ser både sjarm og nytte i, så kranglar vi litt, så blir vi venner igjen, eller kanskje litt sure. Hanne vil helst ha det same finserviset som dei hadde heime hjå henne då ho var lita, medan eg, i motsetnad til mange andre brudgommar, har nokså uttalte meiningar både om finservise og andre ting. Slik blir vi endå betre kjent og lærer nye ting om kvarandre, slik alle par bør gjere frå tid til annan, dessutan er det jo ei studie i kompromissing.

Så sit vi der altså. Vi har jo hatt nokre runder og snakka om det før, gått litt i butikkar og kikka litt sånn uformelt. I går bestemte vi oss for å prøve å føre noko av det vi har bestemt oss for å ynskje oss inn på ei av dei Fantastiske Elektroniske Listene På Nettet™. Sidan vi faktisk hadde blitt samde om eit bestikk vi begge likte som vi fann på CI Pedersen gjekk vi for deira listesystem. Viss vi ser bort frå at den tekniske utføringa av listefunksjonen deira mildt sagt var mangelfull og frustrerande lite funksjonell, var det uansett ei skjellsetjande oppleving: funksjonen summerte nemleg verdien av ynskjelista. Ikkje spesielt artig.

Faktisk fekk vi litt kvaler av heile greia. Eg meiner ikkje at vi var spesielt råflotte, vi har valt relativt rimelege til middels dyre artiklar, og berre ting vi treng eller ikkje har frå før. Likevel fór tusenlappane kjapt unna. Og vi synst det er litt pinsamt.

Det vart ikkje betre av at eg stadig, undervegs i prosessen, refererte til lista som "bestillinga". Dette antakelegvis fordi eg oftare har brukt nettbutikkar til å faktisk bestille ting frå, men for å kunne sjå meg sjølv i augene føler eg på behovet for å presisere at lista (som ikkje er heilt ferdig enno) ikkje er ei bestilling, både for meg sjølv og dei som måtte finne på å kjøpe noko til oss. Strengt tatt har vi stort sett det vi treng, dermed blir ei ynskjeliste i grunnen ein forfengelig detalj. Artig å drøyme seg bort i, men berre ynskje. Det går faktisk an å servere kaffi til åtte sjølv om ikkje alle koppane er like.

Så moralen er: sjå gjerne på ynskjelista vår (når ho blir klar) for å beundre den uovertrufne smaken vår, men ta det for det det er. Ei ynskjeliste.

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110539
Innlogging