Så var vi gift!

Eitt år med planlegging kulminerte i ein fantastisk dag for oss, og forhåpentlegvis for gjestane våre òg. Laurdag sa vi ja til kvarandre i Nidaros domkyrkje, og frå start til slutt var bryllaupet ein nydeleg dag!

Vi vil særskilt takke foreldre og sysken som var med å rigge opp før og rydde etter festen, forlovarane våre Marièl og Eirik som gjorde dagen lett og (nesten) stressfri, Kammerkoret Aurum som song i kyrkja, Knauskoret og Pirum som overraska oss på festen, kjøkemeisterane Silje og Hans Anders som gaida oss gjennom festen, servitørane som gjorde ein kjempejobb, Syfore[i]ninga NydeligFin for Hanne sin flotte kjole, tante Berit for den gode bryllaupskaka og ikkje minst alle som kom frå fjern og nær for å dele dagen med oss!

No er bryllaupet altså over, men bryllaupsfanen blir ståande ei stund til. Vi legg ut bilete og minne frå dagen etterkvart som det blir klart!

Dette er ein registreringsping for Bloggurat for å registrere teljaren og plassere bloggen vår på bloggkartet.

 

Tre uker igjen! Tar du med kamera?

Nå nærmer den store dagen seg i en veldig hastighet, og vi har kommet ned på detaljnivå i planleggingen. I den forbindelse ber vi alle gjester som har lyst om å ta med kamera og ta bilder av festlighetene, og så blir vi veldig glade hvis dere vil sende dem til oss i etterkant.

 

Prosjekt: Birøkt. Del I: Om bier

Jeg har aldri vært noen god bakstekone, og jeg hater å lage middag nesten like mye som jeg hater å smøre på brødskiver. Jeg liker å vaske klær, og jeg liker å ha det ryddig, men det er også så langt husmorinstinktet strekker seg. Gardskjerring skal det nok bli av meg, men noen Alma Svensson blir jeg aldri. Når jeg nå skal giftes og flytte på gård, tenker jeg at det er et godt utgangspunkt å starte med å bidra med det jeg kan, eller i hvertfall har vært borti før. Derfor: birøkt.

Pappa holdt bier under oppveksten min, og lukten av honning er sikkert det jeg sterkest forbinder med å være hos min far. Honning hadde vi alltid, både lynghonning og sommerhonning, og det var først da jeg ble voksen at jeg skjønte at det var noe som var dyrt og litt luksuriøst. Nå er det slik at sukkeret som er i honning er mye sunnere enn farin, det ideelle hadde faktisk vært å erstatte alt sukkeret i husholdningen med honning. Dette er gjennomførbart for alt annet enn vinproduksjon, og stort sett gjør det maten mye bedre. Dessuten behøver man mindre honning enn sukker til samme formål, og honning er jo gratis hvis en holder egne bier.

 

Elskere og bier lever et søtt liv.

Italiensk ordtak

Nå sa jeg jo at jeg skulle begynne med noe jeg kan, men egentlig kan jeg vel ikke å røkte bier. Det er mer det at jeg kan en del om det, og i hvertfall mer om det enn om sauer, eller "søvva" som vi sier på Nardo. Men, kunnskap kan en saktens tilegne seg, og eksamenstiden er jo særlig godt tilrettelagt for dette. Skulle forresten ønske det var birøkt jeg skulle ha hjemmeeksamen i, det ville gått lekende lett! Hvor mye kan leserne av denne bloggen om bier, honning og birøkt? La meg opplyse dere!

Bier (Apiformes) hører til gruppen broddvepser (Aculeata), og norske honningbier (Apis mellifera) er den brune bien som regnes som den opprinnelige nord-europeiske honningbien. Denne bien er i dag relativt sjelden, og en fokuserer på å holde genmassen i Norge ren og fri for sykdommer nettopp av denne grunn. Det latinske navnet til den norske honningbien betyr meget passende 'den som henter honning'.

For bier henter nektar og lager honning av det. Masse, hvis kuben er frisk. De lager faktisk mye mer enn de trenger selv, så en birøkter behøver ikke å ha dårlig samvittighet for å høste kubene sine, forutsatt at en ikke tømmer kubene helt før vinteren. Nå er det mye en kan fortelle om bier og honningproduksjon, en bikube er en ganske komplisert konstruksjon, men jeg skal prøve å komme gjennom det uten å kjede leserne i hjel. Dette er jo tross alt bare del I.

Biene bor i kuben, og lager honning der. De har vokstavler som de lagrer honningen på, i voksceller som de bygger selv (de lager bivoks). I noen celler har de også larver og egg, og disse fores på forskjellig måte for å fremdyrke forskjellige typer bier (hunnbier, dronninger og droner). Hunnbiene (arbeiderne) får forskjellige arbeidsoppgaver livet gjennom: pussebi, serveringsbi, ammebi, byggebi, vaktbi og trekkbi. For å si det kort: pussebier holder cellene rene, serveringsbier fórer de eldre larvene, ammebier fórer de yngste larvene, byggebiene svetter voks og bygger vokstavler, vaktbiene vokter kuben mot fremmede inntrengere og trekkbier trekker på blomster og planter og transporterer nektar og honning rundt inne i kuben. Denne syklusen tar ca. 40 dager.
Dronene er hanner, deres eneste oppgave er å pare seg med dronningen. Dronene må mates, og har ikke brodd. De får ikke overvintre i kuben, og har dermed et svært kort liv på ca én sommer.
Dronningen parer seg og legger egg. Hun produserer også dronninggelé. I den kraftigste yngelperioden kan en god dronning legge 2000 egg i døgnet. Dronningen må, i likhet med dronene, mates. En dronning skiftes gjerne av biene selv hvert fjerde år, men hvis det blir for mange bier i kuben vil de få svermetrang før dette, og lage en ny dronning. Hvis ikke birøkteren forhindrer dette, tar den gamle dronningen med seg over halve kuben og flytter ut. Det er ikke så bra for produksjonen, siden kuben vil måtte bruke resten av sesongen på å bygge seg opp igjen. Nettopp derfor motarbeider birøkteren dette.

Puh, det tror jeg får holde for denne gang. Neste avsnitt: biprodukter og røkterutstyr.

 

Gratulerer med dagen!

8. mars er som dei fleste her til lands veit den internasjonale kvinnedagen. Dagen har blitt feira på forskjellig vis i omlag hundre år, og alt frå militaristiske protestar mot husmortyranniet til ei slags dumsnill blanding av valentinsdagen og morsdagen har blitt observert opp gjennom tidene. Her i Noreg går kvinnedagen i dag stort sett ut på at kvinnelige politikarar er usamde med kvarandre i kronikkar i avisene. Debatten går stort sett ut på korleis ein best skal legge til rette for likestilling, om det er naudsynt med kvoteringar i permisjonsordningar og i næringslivet og liknande. Det er ein viktig debatt som eg ikkje ynskjer å uttale meg så veldig sterkt i fordi eg ikkje har den naudsynte kunnskapen og innsikta som krevjast i store samfunnsøkonomiske spørsmål. Som kunnskapslaus og relativt politisk uengasjert overlet eg slike spørsmål til andre.

Men eg har lyst til å kommentere noko som uroar meg litt på eit meir personleg plan. Annastova er jo ikkje ein politisk blogg og skal nok heller ikkje bli det, men eg er jo oppteken av dette med kjønnsroller og har meir eller mindre bevisst freista utfordre dei på ulikt vis gjennom mange år. Det som er viktig for meg er ikkje at alle kvinner vel yrke som tidlegare var "mannsyrke" eller omvendt, men at alle menneske har det same utgangspunktet og skal ha dei same reelle vala. Dette vil ikkje seie berre dei same teoretiske vala, for reint teknisk har alle myndige menneske med norsk statsborgarskap (så langt eg kjenner til) dei same rettane i Noreg i dag. Det som skiljer det teoretiske og reelle i dette spørsmålet er dessverre styrt av meiningane til dei svært frykta "folk flest", ei gruppe som vanskelig let seg kvantifisere og vanskeligare let seg kontrollere. Dersom det i den populære opinionen er upopulært å ta enkelte val kan det for enkeltpersonen bli svært vanskelig å trasse denne fordi det kan vere ei tung bør reint psykologisk. Det er dette som er konformitet i praksis.

Det som uroar meg er (og no snakkar eg heilt ut frå mi personlege oppfatning, her finn du ingen kjelder) at det ser ut til å vere i tiden for unge damer å ha noko usunne oppfatningar av kva denne valfridomen går ut på. Det blir ein veldig pose-og-sekk-tankegang der kvinner kan krevje å bli likestilt med menn i alle spørsmål (ein rett eg heilhjarta støtter) samstundes som at dei har krav på å bli forsørga dersom dei vil det. Dette er ein rett eg ikkje meiner held vatn reint logisk. Sjølvsagt vil enkelte bli forsørga, men det må vere eit val som blir gjort i den enkelte familiesituasjonen og som både mann og kvinne kan leve med. Det må òg vere slik at ein mann kan bli forsørga utan at det skal bli sett skeivt på. Dessverre hallar opinionen no etter mi oppfatning at det er mannen si plikt å forsørge kvinna dersom ho ynskjer det, men at mannen ikkje har høve til å krevje noko av kvinna. Ein kan sikkert argumentere for dette slik at det høyrest ut som feminisme, men dette er altså etter mitt syn det motsette. Ved at kvinnene overlet ansvaret til mannen på denne måten er to hundre års kamp over - og kvinna har tapt.

Det er ikkje nokon som har sagt at likestilling er enkelt. Eit fullstendig kjønnslikestilt samfunn krevjer at vi ser bort frå ein del usunne konvensjonar, men med dei følgjer òg ein del svært inngrodde og kanskje behagelege konvensjonar. Det krevjer ein heilt annan familiedynamikk enn den tradisjonelle, og det krevjer både av kvinne og mann. Med val kjem ansvar og dilemma, og vel ein noko må ein naudsynleg gje avkall på noko anna. Slik er det berre.

Dersom ei kvinne ynskjer å vere "husmor", ja, så må ho gjerne det. Eg kan godt tenke meg å bli det sjølv. Men det fordrar at økonomien tillet det, at det er det som passar for dei andre i familien og at ein er merksame på at det faktisk er eit val, at ein gir avkall på noko anna. Etter mitt syn verken kan eller skal det vere slik at ein person i ein familiesituasjon skal kunne køyre sitt eige løp og legge alt ansvar på ein annan. Det eg prøver å seie, litt klønete, er at eg trur mange jenter er litt bortskjemte i dag, at dei ikkje skjønar tydinga av den kampen som ligg bak det faktum at vi no i alle fall har teoretisk likestilling. Kanskje åttande mars er ein fin dag å tenke litt på det?

Elles jobbar eg i bokhandelen på Dronning Mauds Minne, høgskulen for utdanning av førskulelærarar i Trondheim, denne veka. Det gleder meg å sjå at så mange unge menn vil utdanne seg til førskulelærarar! Dette er ein viktig faktor for likestilling, og eit modig val som vitnar om genuin interesse for ein svært viktig ressurs. Vil du at dine barn skal ha berre kvinnelege førebilete heilt fram til ungdomsskulealder, kanskje?

 

Carpe diem

Det er lett når ein gler seg til noko å ikkje nyte det ein allereie har. Eg gler meg veldig til å flytte tilbake til bygda, fabulerer og planlegger og har nok ein tendens til å sjå lite på det som er bra her i Trondheim. Men eg trivest jo eigentleg veldig godt her, og burde i staden nyte det siste halvåret, eg kjem jo til å angre veldig på det viss eg berre skal gå og trippe. Det blir bortkasta tid.

Sidan eg flytta hit til byen i 2004 har eg fått ta del i mange artige hendingar og mange miljø som har vore viktige for meg. Eg har fått meg (ei slags) utdanning og blitt kjent med ein drøss interessante menneske. Sju år er lang tid, det er faktisk om lag ein fjerdedel av livet mitt! På sett og vis kan ein seie at eg reiser frå ein fjerdedel av livet mitt når eg flyttar.

I 2005 byrja eg i Trondhjems Studentersangforening, byens største og eldste mannskor. Eg kjente nokre som gjekk der allereie før eg flytta til byen, så planen var eigentleg å søke opptak allereie i 2004, men då gløymde eg tidspunktet og kom for seint. Uansett har TSS vore ein konstant i kvardagen i seks år, og slik har eg fått ta del i eit tradisjonsrikt studentsongarmiljø og blitt grundig integrert i Studentersamfundet, sjølve hjartet av studentlivet i Trondheim. TSS har dessutan gitt meg solid organisasjonserfaring, kontakter frå alle fagmiljø og landsdelar og ikkje minst ein vaskeekte ridderorden (som eg sjølvsagt er svært stolt av!). Elles kunne eg utan TSS sett langt etter å bli med i Knauskoret, som er førehalde medlemmer i TSS og TKS, og dermed gått glipp av to hektiske, heseblesande, artige år der.

TSS vil bli sakna når eg flyttar, og eg er nok litt misunneleg på dei som framleis kan reise til Hommelvik på øvingshelger og sitje på Sanger'n til langt på natt når dei vil. Heldigvis har eg igjen ein tur til Oslo og Irland med Trondhjems Beste Menn, og brorparten av eit vårsemester som skal gjennomførast med fynd og klem.

Korgleden er stor hjå meg, enkelte vil hevde på grensa til det sjukelege. I 2006 sprang det ut eit nytt kor i Trondheim, og det var eg så heldig å få vere med på å starte og forme heilt frå byrjinga. Kammerkoret Aurum såg dagens lys 23. april 2006, og har sidan nytt stor suksess. Eg har vore med heile tida, og det var der eg først kasta augene på henne som no skal giftast med meg. Aurum har gitt meg og mange andre høve til å vere med å bygge opp noko heilt nytt som har vist seg å ha livets rett, meir enn nokon av oss kanskje turde å håpe på. TSS er hundre år og har blitt forma av hundrevis av studentar opp gjennom tidene, medan Aurum på ein måte er barnet mitt. Det blir veldig rart å flytte frå det, men det gjer meg veldig glad at ein sprø idé frå jula 2005 framleis lever og engasjerer folk eg ikkje eingong visste om den gongen. No tek eg litt mykje av æra for Aurum, så eg må seie for the record at eg slett ikkje var åleine om denne ideen. Men uansett kjennest det som eg overlét det i trygge hender.

Så gjeld det berre det siste halve året å ikkje sjå for mykje framover. Planlegging og drøyming er fint, men eg må minne meg sjølv på å leve litt i nuet òg.

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110532
Innlogging