Døden kjem til Annastova - og han smakar godt.

Eg har for første gong teke livet av eit pattedyr. Det er på ein måte ein milepæl, ikkje for det at eg syntest det var noko særleg kjekt, men eg står for det, og det var det det var. Eg har teke livet av eit dyr og laga leverpostei av det.

Det er ikkje så kjekt å ta livet av andre levande vesen, det har eg aldri tykt. Eg er relativt fredeleg av meg, har aldri så mykje som teke i eit skytevåpen og ynskte ikkje å gå inn i militærtenesta. Men eg er ein ivrig kjøtetar, det er ikkje mykje du kan setje på bordet som vil freiste meg meir enn noko som har hatt ei mor. Og dersom ein vil ete kjøt, ja, då synst eg ein må kunne drepe kjøtet òg. Det er berre fair.

Far min har hatt ti søyer med til saman 16 lam gåande rundt om på garden i sommar. Dette er ikkje heilt ordinære sauar, må vite, det er ein knøttliten og svært hardfør sort kalla Gamal norsk sau. Nokre kallar dei steinaldersau, andre villsau, det er det same. Dei greier seg sjølv stort sett heile året og krev lite tilsyn. Ein liten brødbit eller andre godbitar i ny og ne held dei nokonlunde tame, men dei er på ingen måte ein kjælen type. Dei er skvetne, latterleg kjappe og ganske forsiktige dyr. Og i denne samanhengen gjer det at vi som husbondar må arbeide litt for føden.

Korleis fangar ein eit villsaulam? Det finst sikkert fleire skular rundt dette, men her i garden går vi for "spring etter og kast deg over"-metoden. Det høyrest kanskje barbarisk ut, men, kjære lesar, eg vil at du skal hugse at sauer er, kognitivt sett, relativt enkle. Dei blir redde, men etter kort tid er alt som før.

Ei skytemaske er ein sylinder på ti-femten centimeter som ved hjelp av ei lita patron blir pressa ut gjennom eit rør i høg fart når avtrekkaren blir trykt inn, for deretter umiddelbart å gå tilbake inn i røret i like høg fart. Sylinderen fungerer som prosjektil, men det er mykje sikrare, meir presist og enklare å bruke enn skytevåpen. Ein set enden på røret mellom horna på lammet, trykkjer på avtrekkaren, og dyret er borte før det høyrer smellet. Det er ikkje utan grunn at engelskmennene kallar skytemaska "humane killer". Men humant eller ikkje, denne delen av arbeidet er verken artig eller gledeleg. Lammet segnar umiddelbart om, og det heile er litt trist og ekkelt.

Før i tida, før skytemaske var vanleg, brukte ein å svimeslå lammet med ein stump gjenstand og blø det ved å punktere pulsåra. Eg er personleg glad for at vi ikkje gjer det. Historia seier at farfaren min, som var ein dyregod mann, likte dette arbeidet svært dårleg. Han var så redd for at dyret skule vere medvite når det vart stukke at han fleire gongar slo det i hel heller enn å svimeslå.

Etter at lammet er daudt følgjer ein god halvtime med flåing og fjerning av innvollar, før lammet skal henge til mørning i førti døgngrader. Ei døgngrad er ein gjennomsnittstemperatur på ei grad i eitt døgn. Deretter skal kjøtet "skjærast ned", det vil seie parterast og foredlast.

Men enkelte delar av dyret skal ikkje mørnast. Dette gjeld mellom anna levra og nyrene. Nyrene kjende eg meg ikkje modig nok til å gjere noko med, så dei vart kasserte saman med resten av gòren, men levra laga eg leverpostei av. Den vart svært god!

Lars' beste lammeleverpostei

400 g lammelever
150 g kjøtdeig av storfê, evt. medisterdeig for ein noko feitare variant
4 ansjosfiletar
3 renska sjalottar
4 ss kveitemjøl
2 egg
2 dl mjølk
1/2 ts tørka timian
1/2 ts tørka rosmarin
4 fedd kvitløk
1 ss salt
litt pepar

Rens og finmal levra saman med kjøtdeig, ansjos, løk, kvitløk og krydder til ein jevn masse (dess grovare masse, dess grovare postei). Ver merksam på at rå, malen lever luktar ganske stramt! Bland godt inn resten av ingrediensane. Resultatet skal bli ei relativt tynn røre. Smør ei vanleg brødform godt, evt. kle forma med baconskiver for eit meir luksuriøst resultat, og hell røra over. Steik posteien i vannbad på 160 grader i om lag 45-60 minutt. Kvelv posteien ut. Kan godt frysast ned etter avkjøling.

Vi slakta i kaldt og friskt vêr, men berre nokre dagar etter slo det om og vart unormalt varmt, så vi måtte skjere ned i all hast før vi hadde tenkt. Ny fråversgrunn til korøving: "Måtte partere slaktet mitt".

Så no er frysaren full av lammelår, ribbesidene heng til speking saman med mange bogar, og lammerullen er sydd og klar til julekonsum. Og alt kjøtet er laga av gras og tørre brødrestar, så berekraftig og kortreist som det lar seg gjere. Heilt etter mitt hovud!

NB: Dette innlegget vart skrive nesten ferdig den 22. oktober. I mellomtida har eg hatt det svært travelt med å hjelpe onkelen min med å bygge om butikken sin, derfor har eg ikkje hatt tid eller ork til å skrive ferdig før i dag, 21. november. Eg orsakar på det sterkaste, trufaste lesarar!

 

Tre nøtter til Askepott?

Vel, Askepott er kanskje å ta litt i, jeg jobbet ikke akkurat i en peis da jeg møtte Lars, men jeg har nå i hvertfall fått odelsguten og flytta til gards, og alt er bare velstand. Men så var det disse nøttene, da.
Jeg har lenge gått og sett hasseltrærne bugne (i hvert fall litt) av nøtter. Nøtter er noe jeg "kan", det er noe jeg har vært med på før, i motsetning til en del andre mataukrelaterte aktiviteter. Men, det er noen år siden jeg har plukket nøtter nå, og jeg må vel bare innrømme at det ikke akkurat var jeg som tok ansvar for tørkeprosessen den gangen - det er nok best å ringe Pappa. En kort konsultasjon gjorde det klart at det snart var på tide å plukke nøttene, de begynte å få farge og noen løsnet fra hamsen. Dessverre var det ikke så fint vær den dagen, og jeg tenkte jeg skulle vente noen dager til det ble litt lettere. Selvfølgelig ble det ikke noe lettere, det ble verre og verre, det kom ca 1000 mm nedbør akkompagnert av ca 1000 m/s vindstyrke - helt til det plutselig ble nøyaktig 22 grader og fønvind i slutten av september, det er jo logisk. Så jeg spurtet ned til hasseltrærne med bøtta mi og to hjelpsomme katter, klar for å plukke nøtter.

Tom hamsMen hvor var hasseltrærne blitt av? De som sto her nå hadde jo for så vidt blader som virket kjent, men ingen nøtter, bare noen rakler som lignet på sånt som bjørka styrer med. Jeg ble ganske forvirret over at jeg kunne huske så feil og marsjerte opp og ned og lette etter hasseltrær, og sauene kom for å sjekke hva jeg drev med, men de skjønte heller ingenting og prøvde å kose med kattene i stedet, noe de ikke lyktes noe videre med. Jeg måtte innse at de nøtteløse bjørkekopiene faktisk var hasseltrærne mine, og først da var det jeg så en nøtt som lå henslengt på steingarden. De hadde falt ned i vinden! Og ikke bare det: noen hadde forsynt seg av dem!

Skrell og skallNøtter brukes i matlaging og som snacks, og er en rik kilde på omega-3-fettsyrer og B-vitaminer, det er med andre ord ikke rart at det er en attraktiv ressurs. Faktisk er nøtter så attraktivt at allemannsretten er noe begrenset på dette punktet: du kan ikke plukke nøtter uten å ha tillatelse fra grunneieren. Så hvem var det som hadde forbrytt seg?

Mistenkte:

  1. Naboene
  2. Tilfeldig forbipasserende
  3. Nøtteliten

I det jeg skriver dette innser jeg at jeg selv ikke har innhentet tillatelse fra grunneieren (unnskyld, svigerfar), så vi lar skyldspørsmålet ligge - men la det være nevnt at synderen hadde spist en del nøtter på stedet (det er forresten tillatt), og dessuten gravd ned noen.

Jeg innså at det ikke kom til å bli den store fangsten for min del, men plukket de få som hang igjen på trærne og plukket opp dem jeg fant på bakken. Etterpå var det rensing, og nå ligger nøttene i spiskammerset og tørker til jul. Et par tips til dere som lurer:

  • Nøttene er modne dersom de løsner "lett" fra hamsen. Hvis ikke, er de umodne eller tomme.
  • Nøtter kan spises uten å tørkes først, men det blir en ganske annen nøtt enn du er vant til. Tørking gjøres på tørt og ikke for varmt sted, og ikke i for tykt lag.
  • Grønne nøtter blir brune i løpet av høsten, det er ikke det som er avgjørende for modenheten.
  • Husk å spørre grunneieren om lov!

 

Lars og svisketreet

Eg likar ikkje svisker, altså. Faktisk har eg store problem med å få dei ned. Dei er som store, plommesmakande rosiner. Men det er ikkje det eg skal glede dykk med i dag, for det er nemleg den illustrerte historia om Lars og svisketreet. Følg med.

sommarfugl

Nok ein solskinsdag grydde over Nilsgarden. Det må ha vore den andre eller tredje på berre fem månader. Eg er ute i hagen og vurderer stoda. Epla er ikkje mogne enno. Pærene har kråka ete opp, til mi store sorg. Ripsen er berre ikkje appetitteleg lenger. Men plommer, det har vi.

Eg er ikkje nokon stor plommefanatikar, og har aldri vore det. Men markens grøde er no eingong grøde, og ein kan i det minste safte eller setje vin av slikt som ikkje er så godt å ete. Så var planen altså å redde nokre plommer medan vêret var fint.

"Du som er så glad i å lage mat", seier far min, "du må jo sjå kor frodig svisketreet er i år". Eg har ikkje fått med meg at vi har eit svisketre. Far min viser meg. Plommetreet han meiner står ved paviljongen. Eg har sjølvsagt sett det før og veit godt at det står der, men eg kan ikkje hugse å ha sett noko anna enn nokre sjukelege, inntørka plommer der og har for mange år sidan avskrive treet som for gammalt og sjukt til å bry seg med.

d'agen

Men far min har ganske rett, det er fullt av små, avlange plommer i dei vakraste lillatonar. Sorten ser ut til å vere d'Agen, ypperleg til tørking. Men kvifor skal eg lage svisker, det som smakar så vondt?

Eg spør kona mi, og heldigvis er svisker på den korte lista over ting ho likar. Flaks, for eg har sjølvsagt kjempelyst til å prøve å lage svisker, det høyrest fascinerande ut. Så set eg i gang. Og Mossa hjelper til.

 

Mossa

Plommene er mogne og fine, men etter ein mildt sagt fuktig sommar er mange av dei sprukne, stygge og rotne. Etter om lag ei halv bøtte med fine plommer og minst like mange øydelagde på bakken slår signaturreaksjonen min, å bli lei, inn. Kor mykje plommer gidd eg tørke, tenker eg. Og kor mykje svisker brukar vi på eitt år?

Sett frå eit sjølvbergingsperspektiv er dette det mest effektive eg har gjort, tenker eg nøgd. Ein liten halvtime med plukking, og vi er fullstendig sjølvsforsynte med svisker fram til neste haust. I skuleåret 10/11 brukte vi nøyaktig to posar med svisker. Fem-seks liter plommer burde halde til litt meir enn det.

Med dette i bakhovudet går eg inn og legg plommene på bakepapir på steikebrett. Det blir fire fulle brett, og det er eigentleg heilt perfekt, for omnen har plass til berre fire brett, og vi har berre fire brett. Vi har dessutan berre nok bakepapir til fire brett. Eg rosar meg sjølv for å ha gjeve opp i tide.

Det tek berre cirka 20 timar på femti grader varmluft med døra på lèr. Internett tilrådde fire til seks veker under glas i sola, men eg vurderte situasjonen dithen at fire til seks veker med sol ikkje var veldig sannsynleg. Difor elektrisk tørking. Huset vart fylt av den herlegaste, søte lukt du kan tenke deg, og resultatet vart jammen ikkje verst! Dei ferdige sviskene likna kanskje litt meir på dadlar enn eg hadde trudd, men det gjer ingen ting!

 

svisker

Fem og ein halv liter plommer blir forresten til om lag to liter svisker. Smaken? Eg synst dei var kjempevonde. Hanne vurderte skalet til å vere "annleis" og smaken syrlegare enn kjøpesvisker, men at dei var gode. Mor mi tykte òg dei var syrlege og gode. Alt i alt ein stor suksess.

Karakter:

Sjølvforsyning: 10/10
Smak: 7/10 (etter utsegnene frå kritikarane)
Utsjånad: 7/10
Ville råvarene gått til spille utan at dette vart gjort? 9/10 (1 er heilt sikkert ikkje, 10 er heilt sikkert)

Totalt: 8/10

 

 

Livstegn fra Sæsstripa

Endelig er vi her! Vi har bodd i Annastova i en måned, og ting er begynt å falle på plass. Vi har fått internett i hus etter mye strev og irriterte telefonsamtaler med Eltel, og alle kassene er ryddet vekk.

Mossa er ute om natten og sover dagen lang, når hun ikke har besøk av Pusulf, katten i Nilsstova. Pusulf er en kattunge på vei inn i tenårene, og energinivået er deretter. Vi er litt usikre på om Mossa liker ham eller ikke.. For to uker siden fikk vi faktisk enda en katt, Sinus skal nemlig bo hos oss mens Helene og Karl Yngve er i USA. Tre katter i tunet er egentlig mer enn nok, men jeg får av og til lyst til å eie alle kattene i verden. De er så søøøte!

Vi har ikke kommet i gang med så mange landbruksrelaterte prosjekter ennå, men Lars har melket kyr og vært med på nødslakt, og vi har laget saft, is og en del andre gode ting. Den fantastiske kjøkkenmaskina vi fikk til bryllupet vårt skal ha mye av æren her, vår elskede ChickenAid! Er den ikke fin? Den elter og safter og kverner og ordner opp.
Vi har forresten brukt en del tid på å kose oss med flotte bryllupsgaver, tusen takk til alle snille som gav oss så mye fint!

Jeg har begynt på PPU på Høgskulen i Volda, og trives der. PPU er vel alt som tidligere PPU-studenter hadde fortalt (advart?) meg om, men det er mye interessant også - og en kan ikke ha det moro hele dagen når en skal gå på skole, da blir en bare bortskjemt!

Det har vært spennende å følge med på skoledebattene i valgkampen nå som jeg ligger an til å bli lærer (i hvert fall på deltid), og i den anledning vil jeg forresten ønske alle et godt valg i dag, husk å bruke stemmeretten deres!


I tillegg til å plukke bær og sanke annen grøde har vi kjøpt nye lamper, bokhyller og et klesskap, og litt andre snacksy ting, for eksempel denne dejlige klokken fra Koziol. Den bruker vi blant annet når vi skal rekke ferga, som dere ser på bildet øverst.. Det er faktisk ganske fint å sitte på ferga og lese mens en drikker kaffe fra termos, det sikrer meg en times pensumlesing daglig samt et anstendig kaffeinntak.

Vi har vært litt sene med å blogge nå etter at vi flytta, mye fordi vi strevde med å få internett i hus, men også fordi vi har somla litt. Dette beklager vi, vi lover å øke informasjonsstrømmen ut i eteren. Ellers vil vi gjerne vite hva dere lurer på eller vil lese om? Skriv en kommentar under, så skal vi skrive!

 

Exit Waisenhuset

Tomt kjøleskapFlyttekassene er pakka. Veggane er vaska. Katten er i pensjon. Avskjedsfesten er overstått - og Annastova er snart ikkje lenger berre bloggen vår, om to dagar er det der vi bur.

Gårsdagens fest gjekk av stabelen med brask og bram, og sidan det var både innflyttingsfest to og eit halvt år forsinka og utflyttingsfest var tredve-førti gjestar absolutt på sin plass. Det var i alle fall stor stas, og ei flott avslutning på opphaldet vårt i Trondheim. Litt gråt og tenners gnissel vart det jo, og det er kanskje ikkje så rart, for no når vi står her og faktisk ser at det vi står på er flyttefoten, så merkar vi at det er vemodig å forlate alt dette. Tenk at over tredve personar hadde lyst til å seie ha det bra til oss! Men vemod og fest kan godt gå hand i hand, og alt i alt var det ein fantastisk kveld, tusen takk til alle som deltok!

Takk òg til Marièl, Silje Serenne og Elin som har stilt opp og vaska det groskitne huset vårt. Det vil seie, ein takk og ei orsaking skal de ha. Det de har sett kan de ikkje u-sjå. Æsj. Frå no av blir det obligatorisk rundvask i alle rom to gongar i året. Ingen unntak.

Ein takk på førehand også til Eirik, som for høvet har tilbode seg å stille som muskelmann i ettermiddag når kasser skal berast. Folk er jammen hjelpsame, sjølv om vi pakkar sakene våre og reiser som takk.

Og no har vi sagt det ut i eningen, men vi må seie det igjen og igjen, for det er heilt sant: På Sætre står dørene opne for alle venene våre frå Trondheim (og vener og familie elles!). Stort eller lite høve, langt eller kort opphald, vi vil gjerne ha besøk. Dersom nokon er som meg at dei får nok av byen av og til, så er ei langhelg i landlege omgjevnader balsam i eit stressa sinn.

Exit Waisenhuset, exit Trondheim. Inn i eit heilt nytt tilvære!

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 110533
Innlogging