Den annastovske julekalenderen 2016 - Luke 4

Og så var det fjerde desember og andre søndag i advent. Tenn to lys for håp og glede før du leser videre, hvis du ikke allerede har gjort det.

Den observante leser vil ha lagt merke til at kalenderen vår er en julekalender, ikke en adventskalender. Det er ikke jul ennå, det er ganske riktig advent. Men, vi tenkte: Er det så nøye? Vi teller ned til jul med en kalender som handler om jula. Bæm. Ferdi

Som Lars skrev i LUKE 1 er mann og kone på kollisjonskurs innimellom, og litt ekstra i advents- og juletiden. Det er sikkert flere som kan kjenne seg igjen i dette. Kanskje ikke så rart - jula rommer så mye forventning og tradisjon, og derfor muligens også skuffelse og innovasjon (fytti). Mine forventninger og tradisjoner kan umulig være fullstendig de samme som hans, eller noen annens, for den del. Vi har vokst opp i forskjellige deler av landet, ulike familiekonstellasjoner, roller og kår. Og, så lenge man ikke kan gifte seg med seg selv, må en kanskje jobbe litt rundt disse forskjellene og se om man ikke kan finne en kjerne av konsensus, for så å pakke inn resten i kompromiss. Det hender at til og med vi får til dette, og musikk er et av de letteste temaene. Heldigvis.

Dagens luke skjuler en sang jeg hørte spilt hver jul i barndommen, og minnene den fremkaller. Du har nå to valg:
a) Skrolle ned til lenken og lytte. Kos deg med dine egne minner.
b) Les videre, lytt til sangen og lev deg inn i mine.

LUKE 4

I min familie var jula litt forskjellig hvert år. Mormor har hele tiden feiret én jul hos onkel, neste jul hos oss. Etter hvert som de noe eldre søsknene mine fikk egne familier kom de inn i ulike juleturnuser (ett år hos oss og ett hos svigers).  Det hendte også at vi feiret jul hjemme hos Mormor alle sammen. Nå er det ikke slik at jula har vært et sabla kaos for meg, den har rommet mange flotte tradisjoner likevel, men når det er litt ulikt hver gang setter en kanskje ekstra pris på det som er same procedure as every year (James).

Hver romjul i mange år var det juleselskap hos Mormor, med hele familien. Kanskje andre, kanskje tredje juledag. Kusinene mine og jeg (f. 84, 85, 86) hadde gjerne fått matchende kjoler av Mormor som vi hadde på oss (ntaw). Det luktet gran og røkelse, og det var akkurat passe varmt (fyr i peisen og snø som lavet ned ute hver bidige jul, slik jeg husker det). Treet var pyntet med flagglenker, glitter og munnblåste glassfigurer og -kuler malt på innsiden. Det ble servert gløgg, pinnekjøtt, akevitt (Mozell til meg og kusinene mine) og karamellpudding. Eller hvis det var lunsj: Mormors hjemmelagede leverpostei, sylte og sild. På gulvet sto det store treboller laget av bjørkeknuter. Én med klementiner, én med paranøtter og andre rare julenøtter, og én med Beste sine juleblader fra 80-tallet. Bak dagens luke har jeg gjemt en sang fra plata som alltid sto på, mens jeg krøllet meg sammen i en stol, leste gamle Fiinbeck og Fia som jeg kunne utenat og spiste klementiner. Eller lekte med knappesamlingen til Mormor.

 

Titt tei, sier Jim Reeves

Titt tei, sier Jim Reeves

Trykk her for å høre Jim Reeves med Silver Bells

 

Countryartisten Jim Reeves ga i 1963 ut sin eneste juleplate, Twelve songs of Christmas. Ikke en veldig kreativ tittel, som vi får vite hvis vi googler litt, men informativ og ærlig. Her er det tolv sanger om jul. Noen fine, noen rare, noen komiske. Señor Santa Claus synes jeg for eksempel var ganske snål, og The Merry Christmas Polka var bare helt feil. Selv om jeg spiller klarinett har jeg aldri vært særlig begeistret for polka. Silver Bells, der imot, kunne jeg gjerne høre på repeat. Det er noe merkelig forlokkende med sånne komiske korister. Som helt uironisk sklir av gårde på Douuu og Aaaa i toneparalleller med glissando. Teksten romantiserer byjula, og det er aldri feil for en emigrert byfrøken, selv om Trondheimsjula kanskje ikke er helt lik den amerikanske. Jeg var egentlig helt sikker på at vi kunne høre noen silver bells i innspillinga, men ved nærmere lytting har jeg funnet ut at de har produsert låta helt uten, gitt. Stilig.

 

Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 3

Vi har vel alle nokre faser bak oss når det er snakk om musikkpreferansar. Eg har mange og mildt sagt varierte, mellom anna ei intensiv renessansemusikkfase våren 2006, og før det, ei noko lenger RnB-fase sånn rundt årtusenskiftet. Slike faser blir gjerne innleda av at eg kjem over ein song meir eller mindre tilfeldig og får dilla på ein artist eller ein subsjanger. Nokre gongar går det over, eg er til dømes ikkje så oppteken av verken RnB eller renessansemusikk lenger, andre gongar sit det i litt lenger.

LUKE 3

I september 2005 var eg på Platekompaniet i Thomas Angells gate i Trondheim for å finne ei bursdagsgåve til ein venn. Dette var medan CDen framleis var ei greie. Det var sånne lyttestasjonar ein kunne bruke, og eg plukka ut eit album eg syntest hadde veldig ålreit omslag (ja, eg dømmer etter utsjånad både når eg kjøper musikk og bøker): Come On, Feel The Illinoise av Sufjan Stevens, som eg aldri hadde høyrt om før, og stilte meg opp med øyretelefonar for å høyre om det var noko tess. Den dagen gjorde eg noko eg aldri hadde gjort før og heller aldri har gjort igjen: eg gjekk ut frå Platekompaniet med to eksemplar av same plate i posen. Ei i gåve og ei til meg sjølv. Dette er framleis ei av favorittplatene mine. Dette er vel det næraste eg har vore hipsterlivet nokon gong, eg var ung og lovande og hadde nett funne ut at t-skjorter med ironiske åttitalsreferanser var tingen, og attpåtil hadde eg byrja like banjo-indie frå midtvesten. Men no pratar eg meg bort, for Illinois er jo ikkje ei juleplate, og eg har heller ikkje noko julete forhold til henne, noko som vel må vere kravet for ein lukeplass i denne kalendaren. Så vi hoppar tre år fram i tid, då Sufjan bestemte seg for å gi ut ei ikkje mindre enn femdobbel juleplate, med julesongar han hadde spelt inn frå 2001 og utover.


Trykk her for å høyre Sufjan Stevens med Come Thou Fount of Every Blessing

Å kalle banjo-indie-fasen min for ein fase er kanskje litt søkt, for på desse tre åra hadde eg gjort lite for å tileigne meg nye banjo-indie-kjennskapar og eg hadde heller ikkje kjøpt fleire Sufjan Stevens-skiver. Eg berre likte Illinois. Men eg fekk med meg denne forunderlege utgjevinga, og den har også følgt meg sidan. Heile prosjektet er veldig low-fi og har ein heimelaga og koseleg lyd. Og sidan det er ei femdobbel plate er det mykje julestemning for pengane. Her er både kjende og kjære julesongar som Silent Night og O Come, O Come Emmanuel (tre gongar, faktisk) og nyskrivne songar som Come On! Let's Boogey To The Elf Dance og Did I Make You Cry On Christmas? (Well, You Deserved It!).

Eg har plukka ut ein av mine favorittar frå dei over 40 spora på denne utgjevinga. Sjølv om denne strengt tatt ikkje er ein julesong meir enn at han har vagt julete undertonar, gjev han godkjensla, med plinkete strengar og fleirstemt, lavmælt song. Come Thou Fount of Every Blessing er ein klassisk amerikansk song som er lite brukt andre stader, teksten vart skriven av Robert Robinson i 1757, og melodien er ein amerikansk folkesong som kallast Nettleton.

Viss du, som eg, har ein liten urealisert indiehipster i deg, bør du unne deg litt Sufjan no opp mot jul. Kanskje iført ein ironisk julegenser? Det er opp til deg.

 

Den annastovske julekalenderen 2016 - Luke 2

For dere som kjenner oss i Annastova godt er det nok ingen overraskelse at det blir litt kormusikk i denne julekalenderen. Vi er korelskere, korsangere, korstiftere og korfundamentalister, og minst én av oss er kordirigent.
Allerede bak luke 2 finner vi et korstykke.

LUKE 2

I Det lyser i stille grender (boka, ikke sangen) skriver Oddgeir DerIngenSkulleTruAtNokonKunneBu Bruaset om opphavet til teksten Det hev ei rose sprunge:

I den sørtyske byen Trier går en munk en julekveld og vandrer på en sti. Med ett blir han oppmerksom på en hvit blomst som står i veikanten, og lyser mot ham. Munken mener han er vitne til et under. For ham er blomsten et lys i mørketiden, et uttrykk for underet som skjedde den første julenatt. Han bøyer seg ned, og med varlig hånd tar han opp blomsten og bærer den til klosteret. Vel hjemme i klosteret plasserer han blomsten i en vase på alteret, foran Jomfru Maria.

Slik er altså opphavet til en utrolig flott og litt merkelig tekst. Melodien vi kjenner i dag skal være en tysk vise fra 1400-tallet, arrangert av Michael Praetorius. Men den versjonen jeg vil dele i dagens luke er videre bearbeidet av Jan Sandström. Jeg innrømmer det gjerne, vi er svak for "hengetoner" i Annastova. Her setter Sandström opp et bakteppe av slike, så nydelig at en kan dåne. Og nå kommer den firstemmige satsen oppå dette, og klangkoret bølger fram og tilbake og forandrer fargene i salmen ved hver bevegelse. Tilbake sitter jeg med både fred og uro i sjela. Klump i halsen får jeg også. Dette er uten tvil den vakreste versjonen av salmen om rosa i mørketida, for anledningen på originalspråket.

 

Trykk her for å høre Es ist ein Ros entsprungen (Praetorius/Sandström) framført av Voces8

 

Den annastovske julekalendaren 2016 - Luke 1

Vi tre i Annastova er ikkje alltid heilt på bølgelengde, heller ikkje no i den glade førjulstid. Medan far i huset helst ville gått i forkle heile desember og baka vesentleg meir enn sju slag, toppa fjorårets peparkakehus med minst to peparkakehuskulheitmåleeiningar og tenne alle ljos så ingen krok er mørk, har mor ein meir nøktern og næringsorientert innfallsvinkel. Så lenge pynten står på same staden som i fjor, sånn nokonlunde, julegåvene er ordna i god tid og pengane ikkje heilt brukt opp, huset er litt meir ryddig og reint enn vanleg og pinnekjøtet tørka og klart til den 24. er ho nøgd. Desse ganske signifikante forventningsskilnadane resulterer av og til i meir eller mindre komiske førjulsoppgjer, nokre av nesten Hollywoodsk forviklingsfilmkarakter (men det går alltid bra til slutt!), og ingen får det vel eigentleg heilt som dei vil.

Nils er liten og komisk lite kravstor enno, både til advent og jul. Vi prøvde å få ut av han eine dagen kva han ynskjer seg, men det var fåfengt. (Pakkar. Men kva skal vere inni pakkane? Julenissen skal kome med pakkar til meg. Men kva har du lyst til å finne inne i pakkane? Haha, kanskje du kan vere inne i ein pakke, Mamma?) Kids say the darndest things.

Vel. Ein ting har vi no i alle fall til felles, og det er musikken. Julemusikk er den beste sjangeren, ikkje sant? Vi har sett saman ein liten kalendar med 24 favorittsongar og -melodiar, kjende og ukjende, til dykk der ute på internett, kjende og ukjende. Dette er den einaste adventskalendaren vi har i år, ingen pakkar eller sjokolade. Vi nyt å sleppe det medan vi kan, og sjølv om du sikkert har høyrt dei fleste songane før håper vi at kanskje også du vil ta deg nokre nedstressingsminutt kvar dag, høyre på ein fin song og berre gle deg til jul. Kanskje får du ein ny favoritt, kven veit? God fornøyelse, og god advent!

LUKE 1

Bak denne luka skjuler det seg ei dame med eit pent smil, for høvet litt bustete hår og, etter det vi kan gjette ut frå biletet, ein skikkeleg bløtkakejulekjole à la 1987. Vi snakkar sjølvsagt om Bergens og Heile Norges Sissel Kyrkjebø.

Trykk her for å høyre på Sissel Kyrkjebø - Den store stjerna

Den store stjerna er henta frå Glade Jul, Noregs bestselgande album gjennom tidene. Altså ikkje berre bestselgande julealbum, men generelt. Til og med mamma og pappa kjøpte denne då ho kom ut, eg hugsar det, eg var tre og eit halvt år og skuffa over at Rudolf er rød på nesen ikkje var med på kassetten, så eg foretrakk skiva til Line, Kim, Tonje og Rune Larsen. Sidan har eg endra meining. Plata til Sissel er ikkje nyskapande eller edgy på nokon måte, men det er jo ikkje jula heller. Det er derimot ei velarrangert og godt gjennomført plate som tåler tidens tann. Egil Monn-Iversen stod bak orkestreringa, dette er (nesten) synth-fritt og overraskande lite åttitals, kanskje er det difor ho har heldt seg populær heile tida. (Ikkje eit vondt ord om synth og/eller åttitalet, altså).

Trygve Hoff, som har skrive Den store stjerna, er òg kjend for å ha skrive Nordnorsk julesalme som har blitt mykje brukt siste åra. I motsetnad til denne, og mykje anna Hoff skreiv, er Den store stjerna skrive på nynorsk, ikkje nordlandsdialekt. Han skreiv nemleg songen særskildt til denne utgjevinga, og utgjevarane ville ha ein som var på eit standardisert språk, slik at han kunne "vere for alle". Hoff greidde ikkje å skrive om "stjernen", og valde difor å skrive teksten på nynorsk. Bra for han!

Hoff døydde 2. desember 1987, 49 år gammal, like etter at plata til Sissel var gjeven ut. Den store stjerna er dermed ein av dei siste tekstene hans, og har takka vere Sissel blitt ein slags moderne juleklassikar. Personleg set eg pris på kor lett han er å legge fine andrestemmer på, det kan eg på det varmaste anbefale å prøve.

 

Mamma mia! Enda flere solmodne tomater!

Tomatsaus. Det er latterleg billig å kjøpe ferdig i butikken, er eit av få produkt som ikkje er pakka i plast, og den ferdigkjøpte smakar godt. Ingen grunn til å lage slikt sjølv, med tidsklemme og råvareprisar og alt det der. Eller? Vel, sjølv vi semi-hippiane i Annastova må vel innrømme at vi har vore på Dolmio-kjøret iblant. Det er veldig enkelt og greitt. Men dei tunge glasa fylde med utanlandske tomatar og krydder har køyrt langt og lenger enn langt, og sjølv om ingrediensane pliktskuldigst står på sida veit ein lite om proporsjonar og ikkje minst kva prosessar den deilige, billige sausen har vore gjennom.

For meg er det ikkje eigentleg så veldig politisk, dette at eg lagar alt sjølv og frå botnen. Vel er eg kritisk og skeptisk til denne evinnelege frihandelen og til store konsern som tek seg til rette, men eg veit ganske lite om det og eg er heller ikkje særleg interessert. Det handlar meir om kjensla av kontroll, av å ikkje vere til last for andre, av å ikkje vere nyttig idiot, av å lære korleis ting blir til, av å finne ut korleis mat blir god (eller ikkje så god) og av å gjere det litt smartare enn eg gjorde det sist.

Det er mykje snakk om befolkningsvekst og matmangel, og då kan eg godt vere litt politisk. Her bur vi i eit mildt og fruktbart land som vi dekker med plen! Det er berre så unyttig. Før ein bruker matmangel som eit argument for auka industrialisering av landbruket og auka bruk av kunstgjødsel og sprøytemiddel (som rett nok gjev høgare avlingar) har kvar og ein eit ansvar for å produsere noko til seg sjølv. Dyrk ei potet, for svingande! Alle som har ein hageflekk har plass til ei stripe med løk! Eit par krukker med chili i ein vidaugskarm gjer deg sjølvforsynt! Det er ikkje matmangel i Noreg, men det veit vi at det er andre stader i verda. Ved å dyrke nok mat til eit par måltid hjelper du verdas svoltne bittelitt, heilt utan at du merkar noko anna enn ei umåteleg fin kjensle av meistring og ein god smak i munnen.

No til dagens eigentlege høgdepunkt: Tomatsausen! Sjølv etter ein nokså dårleg og kald sommar der tomatplantene stod upåakta, åleine og ustelte i drivhuset medan eg hang oppe på husveggen og skifta bordkledning, kunne vi hauste inn om lag ti kilo med den raude frukta. Det vil seie, mykje av hausten var lysegrøn, for mangel på sol og varme gjorde at få tomatar vart mogne før eg skulle rydde ut for vinteren.

Eg har allereie laga ein stor batch tomatsaus av dei tomatane som var klare til bruk på plukketidspunktet for tre veker sida. Og i år har eg liksom fått til tomatsausen. Tidlegare år har eg prøvd og delvis feila litt, men no kjennest det som eg har funne forma.

Dei grøne tomatane fekk bu på kjøkkenet i eit trau saman med eit eple, og no, tre veker seinare, var så og seie alle raude og fine. Eg hadde eit par planter med ein kvit variant, men som vanleg med slike spesielle sortar vart avlinga patetisk liten. Likevel vart dei få modne dei òg, og fekk ein lekker gulkvit farge.

Nokre hadde blitt litt rynkete, men det er berre bra. Dei er ekstra søte og gode, og inneheld mindre vatn som må kokast ut. Tomatar til saus kan godt vere litt uskjønne så lenge dei ikkje er brune og blaute eller mugne. Slike må kastast. Eg tok òg med dei som ikkje var heilt 100% raude, dei gir litt "bitt" til sausen og forbetrar smaken så lenge dei er i stort mindretal. For mykje undermogne tomatar vil gi ein sur og flat saus. Då er det betre å lage chutney av dei, slik Marièl gjer.

Kjem du over billige tomatar i butikken bør du kjøpe ei kasse og lage saus av dei. Kjøpetomatar har ofte eit høgre vassinnhald enn heimedyrka (dette er i alle fall mi erfaring, og har sikkert med dei sortane eg har prøvd å dyrke), men dei kan fint brukast likevel. Pass endeleg på at dei er norske!

Tomatskal er OK så lenge tomaten er rå, men med ein gong det blir varma opp vert det omdanna til noko som minner som slik plastfolie som dekker kjøttdeigpakkane. Sidan eg i dag hadde nesten fire kilo var eg lite lysten på å skålde og skrelle kvar og ein (mange var bitte små), men då har eg heldigvis teknikken på mi side. Eg har nemleg ein KitchenAid som eg er svært glad i, og til den har eg ei purepresse. Eg kunne ikkje sett føre meg kor mykje eg kom til å bruke den fantastiske greia på førehand. Pressa er i sving heile hausten, og er kanskje det tilbehøret vi brukar mest på kjøkkenmaskina, bortsett frå eltekroken. Skal og frø vert sortert ut kjapt og enkelt, eg treng berre stappe nedi så fort eg greier.

Av 3,8 kilo tomatar fekk eg...

...så og seie akkurat tre kilo med deilig, skalfritt fruktkjøt. Eg brukar rekne om lag ein del løk til tre delar tomat, så det gjorde rekninga veldig lett. Fem mellomstore løk blir...

...nærme nok. Løken hakka eg som du ser opp, men ein treng ikkje finhakke han. Viss du har problem med at nokon "ikkje likar løk", og det ikkje hjelper å forklare dei at løk er noko av det beste som finst og nesten alltid skilnaden mellom eit middels og eit godt måltid, kan du raspe han. Det går fort på ei slik mandelrasp som mange har på kjøkkenmaskinene sine. Smaken blir like god, men ein kan ikkje finne laukbitar i sluttproduktet. Men slik dilling driv ikkje eg med.

To desiliter god olje (viss du er kortreistfantast, bruk raps eller smør, eg brukte olivenolje) i varm panne set stemninga for løken.

Før du så mykje som tenker på å ha i tomatane skal løken gå frå biletet ovanfor til biletet nedanfor.

Han skal altså koke langsamt i feittet på svak varme, leenge. Minst ein halvtime, gjerne lenger. Rør av og til, og pass på at han ikkje vert bruna. Til slutt skal konsistensen minne om syltetøy, løkbitane er heilt mjuke, nesten oppløyste, og lukta er søtleg og appetitteleg. Når ein steiker løk slik vert han ugjenkjenneleg: søt og mild og eit perfekt kompliment til dei syrlege tomatane. Ein kan spare seg for ganske mykje tilsett sukker på denne måten, og sausen får ein fin og avbalansert laukaroma og lekker konsistens.

Så må det vere kvitløk i, sjølvsagt. Eg hadde ein rest, dette er nesten ein heil kvitlauk. Hadde eg hatt meir på lager no ville eg nok brukt kanskje dobbelt så mykje til denne porsjonen, men alle monner drar.  Desse badboyane blir hakka og får koke nokre minutt saman med løken.

Så er det tid for tomat!

Eg brukar skru opp varmen på nesten fullt og frese inn litt og litt tomat. Eg meiner dette gir ein betre smak på sausen, men eg er ikkje sikker på om det berre er litt meir tidkrevjande. Viss du ikkje gidd kan du sikkert ha i alt på ein gong utan at det gjer så mykje.

Kok opp og la det fosskoke utan lokk på sterk varme ganske lenge. Rør no og då slik at det ikkje set seg i botnen. Bruk for all del eit sprutelokk viss du ikkje vil ha oransjeprikkete kjøkkenvegg. Fargen på rå tomatpuré er nokså lys oransje, men dette vil endre seg etterkvart som det kokar inn til ein djupare og raudare farge.

Når sausen tjuknar litt kan du skru ned varmen og la det putre til innhaldet i gryta minner om tyttebærsyltetøy i konsistensen (for min del kokte eg inn til cirka halvparten). No er sausen meir eller mindre ferdig, og skal berre smakast til.

Først litt salt og pepar, og ein god klatt med honning (eller sukker, viss du ikkje har bier). Eg likar godt pepra saus, så eg bruker om lag ei spiseskei av kvar. Eg brukar oftast litt fersk chili også, men avlinga gjekk med til førre porsjon, så i dag vart det chilipulver frå boks.

Når saltsmaken og sødmen er justert kan ein tilsetje urter, viss ein vil, og det vil eg. Urtehagen er definitivt på hell, men eg greidde å skrape saman ei broket blanding av løpstikke, isop, oregano, salvie, timian, ein liten purreløk og ein ringblome for syns skuld. Man tager hvad man haver.

Urtene bør tilsetjast til slutt og berre koke ein augneblink for å ta livet av dei mikroorganismene som måtte halde til i hagen din.Voilà! Tomatsaus!

Tomat er full av naturlege konserveringsmiddel, så viss du brukar reine og tette glas treng denne sausen ikkje frysast viss han blir brukt i løpet av nokre månader. Vi oppbevarer vår i ei bod med kjellartemperatur, og eg har aldri opplevt at det har mugna. Men Hanne et det som pålegg og på pasta og som ketchuperstatning heile tida, så det går ofte fort unna. Frys det gjerne ned viss du vil ha det lenge.

 

 

Annastova er kårhuset i Nilsgarden dit odelsguten Lars har tatt med seg bykona Hanne. Neste generasjon er også kome i hus, vår vesle Nils. Saman og kvar for oss syslar me med ulike gardsprosjekt som me skriv om på bloggen.

Besøksteller
Artikkelvisninger : 101048
Innlogging